Ta deg ein tur til Draumekvila i Trivselsskogen. Der finn du ei av dei flotte dagsturhyttene i Sogn og Fjordane, som alle har eit utval nyare nynorske barnebøker til bruk. Det er ein fin tur frå E39 gjennom Kjærleiksskogen oppover til utsiktspunktet på Draumekvila. Uansett vèr, er det fint med ein tur innom hytta, og ekstra fint med eit fang å sitje på og einkvan som les – til dømes i boka til Erna Osland: «Under ein stein – ei bok om små dyr.»

Nytt av året er at alle dagsturhyttene er på plass, og ein finn stemplingskort i hyttene – og kan dermed samle på dagsturhyttestempel frå dei ulike hyttene.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk