okt
29
tor
Ope ordførarkontor
okt 29@10:00-14:00

Har du ros eller ris til ordføraren? Eller berre har lyst på ein uformell prat over kaffikoppen? Då har du eit godt høve når ordførar Leidulf Gloppestad flyttar kontoret sitt til biblioteket i Trivselshagen. Velkomen

nov
3
tys
Edvard Hoem AVLYST
nov 3@18:00-19:30
Edvard Hoem AVLYST
AVLYST!
Dessverre vert foredraget med Edvard Hoem 3. november avlyst.
Dei som har kjøpt billettar via nettet vil få billettane refundert automatisk. Dei som har handla lokalt på enten Servicetorget eller i Trivselshagen må møte opp der med billettane for å få desse refundert.

 

Møt Edvard Hoem diktarhøvdingen bak slåttekarar i himmelen og jordmødre på jord.

Vi markerar 180 år med bibliotek i Gloppen – og inviterar til møte med ein kjend og kjær forfattar i storstova vår, kultursalen i Trivselshagen. Edvard Hoem vil ta oss med inn i sitt litterære univers, der han vev saman karakterar frå ulike bøker.

nov
11
ons
Nilsen og Gran – direkte frå Litteraturhuset til biblioteket
nov 11@19:00-20:00
Nilsen og Gran - direkte frå Litteraturhuset til biblioteket @ Kinosalen, Trivselshagen

En brors historie
Tove Nilsen og Sissel Gran i samtale
onsdag 11. november 2020, kl. 19:00 til kl. 20:00

I denne tida når reising er vanskelig ynskjer Litteraturhuset i Oslo å tilby ei eksklusiv strøyming av enkelte arrangement til folkebibliotek over heile landet. Denne onsdagen er det klart for Tove Nilsen som vil snakke med Sissel Gran om sin siste roman.

Kvifor vert nokre ting så vonde at dei vert umulige å snakke om, og fortsett å vere det sjølv etter at mange år har gått?

Den eneste broren er namnet på romanen Tove Nilsen gav ut i haust, og som har fått kritikarane til å ta fram dei gjævaste orda. Utgivinga byggjer på materiale frå forfattaren sin eigen familie. Det handler om Leif, han som skulle ha blitt Nilsen sin onkel, men som aldri blir meir enn 19 år. Leif bur samen med mora og dei tre eldre søstrene sine i ein litt trong arbeiderklasseheim i Trondheim. På kontinentet er 2. verdenskrig i gang, og den rykker stadig nærare. Familien, byen og krigen vert skildra, uhygga og uroa, men også unge liv. Så skjer det fatale: Ungguten vert involvert i ein sabotasjeaksjon som slår feil. Deretter følgjer ei flukt over fjellet som han ikkje overlever.

Som barn fant Nilsen svartkvitt-bilde av den alvorlige ungguten gøymt mellom kle i kommoden, dei var fjernet fra albuma. Ingen orka å svare på spørsmål om kven han var. No har denne tause familiehistoria fått form av ein eminent roman.

Psykolog og forfattar Sissel Gran har fylgt Tove Nilsen sitt forfatterskap tett gjennom ei årrekke. No møtes dei to til samtale om Nidarosdomen, krigsliv og om å skape kunst av gamal familiesorg.

Samtala vil strøymast direkte til Gloppen folkebibliotek.

nov
26
tor
Ope ordførarkontor
nov 26@10:00-14:00

Har du ros eller ris til ordføraren? Eller berre har lyst på ein uformell prat over kaffikoppen? Då har du eit godt høve når ordførar Leidulf Gloppestad flyttar kontoret sitt til biblioteket i Trivselshagen. Velkomen

des
10
tor
Ope ordførarkontor
des 10@14:00-18:00

Har du ros eller ris til ordføraren? Eller berre har lyst på ein uformell prat over kaffikoppen? Då har du eit godt høve når ordførar Leidulf Gloppestad flyttar kontoret sitt til biblioteket i Trivselshagen. Velkomen

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk