Frå 6. januar 2020 må du bruke appen BookBites til å lese e-bøker frå biblioteka i Vestland, ikkje eBokBib som tidlegare.

Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket. Det er gratis å låne bøker i BookBites-appen. Har du alt brukt eBokBib vil du kjenne att mange funksjonar, men det er også nokre forskjellar og appen vil sjå litt annleis ut.

Lånte bøker blir ikkje flytta over til ny app. Bøker du har lasta ned i eBokBib kan du lese ferdig der. Reserveringane dine blir flytta over til ny app 6. januar. Du treng ikkje setje deg på venteliste på nytt.

 

 

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk