Den 1. juni starta den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Saman med barn frå over 380 andre kommunar, kan alle barn i 1. – 7. klasse i Gloppen, vere med på Norges kulaste lesekampanje!

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 130 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen, i ein periode der han vanlegvis blir svekt.

I fjor deltok over halvparten av alle barna i kommunen vår, og vi veit at Sommarles skapte stort engasjement i mange heimar. Det er ikkje om å gjere å lese mest! Det er ikkje ein konkurranse med andre, men kanskje med seg sjølv?

Ein førsteklassing treng ikkje å lese like mykje som ein tredjeklassing for å få premie. Så her kan alle delta og ha det kjekt. Dei som skal byrje i første klasse til hausten kan også delta.

Gloppen folkebibliotek på Sandane (Trivselshagen) er ope heile sommaren, og har mange fine bøker til alle.

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no:

  • Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.
Sommarles.no blir i 2020 leia av Viken fylkesbibliotek.

 

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk