Jakta på sanninga

Gjennom samtale og refleksjon, spel og interaktivitet gir «Jakta på sanninga» ei læringsoppleving til ungdom om dagens informasjonssamfunn i sosiale medium. I dag fortel informasjonsstraumen vår oss alt frå kva vi skal ete, til kva parti vi bør stemme på. Men kan vi eigentleg stole på alt vi ser, høyrer og les? Og korleis kan vi vere sikre på at vi baserer vala våre på sann informasjon?

Med konkrete døme frå ein digital kvardag skal utstillinga bidra til å styrke den kjeldekritiske kompetansen og mediebevisstheita blant ungdom i dagens informasjonssamfunn.

Utstillinga vert ståande til 14. februar. Opplegget er tenkte for vgs, men alle kan ta seg ein runde.

Opplegget er utvikla faktisk.no