Gloppen folkebibliotek – året 2025: 

Utlånstala viser ein tydeleg auke på 7,5%. Utlån av bøker til barn utgjer ein stor del av samla utlån. Det er gledeleg å sjå at prosentvis auke er størst for utlån til vaksne. 

Året starta med ei spennande interaktiv utstilling: 
“Jakta på sanninga” – eit opplegg i kritisk mediebruk og kildebevissheit. Det var opplegg for skuleklassar, men også ope for alle.  

Biblioteket organiserte 4 ulike forfattarturnear, for 2.trinn, 4.trinn, 5.trinn og 7.trinn ved alle grunnskulane, delvis i lag med DKS lokal (den kulturelle skulesekken).  

Samarbeid med med fleire partar bidrog til breidde i hendingar gjennom året.   
Ei stor takk til samarbeidspartane
Seniornett Gloppen, Gloppen Hagelag, Bygdekvinnelaga, Gloppen Bondelag, Matamål, festivalen “Ein ørliten ein”, Gloppen Musikkfest, Statsforvaltaren i Vestland, Bibliotekutvikling Vestland. 
 
Undersøkingar har vist at færre vaksne les høgt med barna sine. For å bøte på dette har vi starta eit samarbeid med helsestasjonen om lesing med dei minste. Biblioteket har kjøpt inn startbøker til utdeling for alle barn på 6 månaderskontroll og 18 månaders kontroll. 

Opplegg med Shared Reading (ein metode for å lese saman i mindre grupper) vart utprøvd med ei 8.klasse (midlar frå Nasjonalbiblioteket). 

Ei anna nyskaping av året, er den første felles fagdagen for bibliotektilsette i Nordfjord, der vi mellom anna fekk eit nærmøte med forfattaren Hilde Myklebust. 
 
Oppvekst kjøpte tenester frå biblioteket knytt til oppbygging av nye skulebibliotek ved Breim skule og ved Hyen skule.  

“Jakta på sanninga” – ei interaktiv utstilling. I januar 

Frå arrangement i november: “Frå fjøre via skog til bre – naturvernområda i Gloppen” 

Biblioteksjefen i lag med bidragsytarar til minibokmessa Gloppen (Bergen) Art Book Fair i mai