Kva tid:
28. februar 2024@19:00-20:30
2024-02-28T19:00:00+01:00
2024-02-28T20:30:00+01:00
Pris:
150

I samarbeid med Gloppen Hagelag inviterer vi til hageshow! Hage- og planteprofil Anders Røyneberg, også kjend som @articgardener på Instagram, er ute med ny bok om hage og uterom. Då han besøkte Gloppen sist var det fullt hus og vi ser fram til ein ny, inspirerande kveld.

Bilete frå hagen til Anders Røyneberg
I den nye boka Livsnyterhagen – som dette hageshowet baserar seg på – blir vi med inn i Anders Røyneberg og Erik Schjerven sin frodige, unike og vakre hage på Hadeland. Presentasjonen er spekka med bilde, film og gode idear som er enkle å gjennomføre uansett om du har liten balkong eller stor hage. Alle kan lykkast med å grøne opp uterommet sitt, er Anders sin enkle tilnærming.
I føredraget får du:
* Gode balkong- og hagetips
* Inspirerande idear til krukker og bed
* Praktiske råd for å lykkast med uterommet
* Trekning av grøn premie
* Mulighet til å stille Anders og Erik spørsmål i etterkant og få konkrete råd
* Kjøpe den nyaste boka, Livsnyterhagen, signert
Kom og få inspirasjon til uterom som ikkje krev all verda av innsats, kor du kan senke skuldrane og nyte livet.
Inngangsbillett: 100 kr. for hagelagsmedlem, 150 kr for andre.
Det blir kaffipause med loddsal. Biblioteket har framme aktuelle hagebøker, og Frøbiblioteket har opna for sesongen.
Ta med ein ven og bli med!
Om føredragshaldarane:
Anders Røyneberg aka @arcticgardener er fødd på Jæren, oppvokst på bondelandet i Østfold og no busett på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sykepleier og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og føredragshaldar.
Erik Schjerven er frå Oppland og utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, planteelskar og jobbar som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har dei skrive Plantelykke, Plantebonanza, som begge er bestseljarar i Norge og omsett til ei rekke språk. Våren 2023 kom den første hageboka deira, Livsnyterhagen.
Foto: Astrid Waller

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk