Kva tid:
1. februar 2023@19:00-20:30
2023-02-01T19:00:00+01:00
2023-02-01T20:30:00+01:00
Pris:
100

Lurer du på korleis du kan lykkast med grøne plantar? Korleis du kan skape ein god heim gjennom å ta med naturen inn i stova di? Og kvifor plantar har fått eit så voldsomt oppsving?

Vi inviterer til foredrag med  Anders Røyneberg, kjend som @arcticgardener på Instagram og fra NRK og TV2 God morgen Norge. Han har skrive bøkene PLANTELYKKE og PLANTEBONANZA, og inspirerer sine over 100 000 følgjarar frå heile verda til å leve grønare. Anders har innreia heimen sin på Hadeland med hundrevis av potteplantar og vil fortelje deg kva grønplantebylgja handlar om, korleis du kan lykkast med å stelle, ta vare på og velje plantar som passar til deg. Våren 2023 kjem han med si første hagebok.

Foredraget bugnar av grøn inspirasjon og bilete av frodige rom. Tips til godt vinterstell av stoveplantane dine får du også!
Kjæresten hans, Erik Schjerven er medforfattar av bøkene og sidekick på foredraget. Det blir sal og signering av bøker for dei som vil og godt høve til å stille spørsmål om plantepleie og få deira beste, grøne tips.

Om foredragsholdarane:
Anders Røyneberg er fødd på Jæren, oppvokst på bondelandet i Østfold og nå busett på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sykepleier og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og foredragsholdar. Erik Schjerven er fra Oppland og utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, planteelskar og arbeider til dagleg som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har dei skrive Plantelykke og Plantebonanza, som begge er bestseljarar i Norge og omsett til fleire språk.

Inngang kr 100

Arr. Gloppen folkebibliotek & Hageselskapet Gloppen.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk