Kva tid:
14. september 2021@18:00-19:00
2021-09-14T18:00:00+02:00
2021-09-14T19:00:00+02:00
Kvar:
Gloppen folkebibliotek
Pris:
Gratis

Forfattar Siri Helle tek i boka «Med berre nevane» opp viktige spørsmål rundt læring og kunnskap, som grunnlag for samfunnsbygging og økonomi. Skuleflink som ho var, valde ho ein teoretisk veg – ho utdanna seg til journalist, forfattar og føredragshalder. Men i slutten av tjueåra merka ho at ho hadde gløymt kroppen, gløymt hendene. 

Undertittelen på boka hennar er «Eit forsvar for praktisk arbeid». Helle skal lage utedo på hytta, men for å kome dit, sveipar ho innom si eiga oppleving av å vere skuleflink medan det prikkar uroleg og rastlaust i kroppen. Ho skriv om korleis ho skulle ha lært meir praktisk matte, ikkje abstrakt og teoretisk, den gongen hun gjekk på Firda vgs,  – så hadde ho sikkert fått dotaket beintHo viser fram vegen for å få bygd dette vesle, men særdeles nødvendige huset. Heile vegen frå å felle store grantre med motorsag, gruble, finne fram reiskap som ikkje treng straum, og som kan berast på ryggen. Få gjort disse reiskapane dugande og kvasse, korleis gjer ein det?

Siri Helle vil snakke om kva praktisk arbeid gir henne, at det fyller henne med noko ho er sikker på mange andre også treng å kjenne på. Meistring. Innsikt i handverksteknikkar og reiskap. Stoltheit over å kunne eit handverk godt nok. Det kreative i å ta i bruk det ein har. Kropp og tankekraft i samhandling. 

Om slikt praktisk arbeid viser seg å ha stor verdi, korleis lage plass til det i vår moderne kvardag? Kva kan det bety for utdanningsløp, samfunnsbygging, økonomi?
Arrangementet er støtta frå Fritt Ord si tilskotsordning til folkebibliotek. Der årets tema er «Pengane og livet».

På dagtid skal ho møte alle 10.klassingane i Gloppen. I tiande klasse skal dei alle gjere viktige vegval med omsyn til vidare skulegang.  

Arrangementet på ettermiddagen tysdag 14.september er ope for alle, og gratis. 
Stad: Kinosalen i Trivselshagen
Arrangør: Gloppen folkebibliotek 

Arr. er støtta av Fritt ord

 

 

 

 

 

 

Foto: Samlaget

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk