Gloppen folkebibliotek held stengt så lenge myndighetene finn det nødvendig i desse koronatider. Det vert ikkje sendt ut påminningar eller purringar i denne perioden. Biblioteket har ikkje høve til å låne ut fysiske media.

Alle kan beholde bøker og anna så lenge biblioteket er stengt.

Vi minner om biblioteket sine digitale tenester BookBites og Filmbib.

Bruk gjerne Karanteket.no, ei samleside for digitale bibliotektilbod. Nokre av tenestene krev pålogging med lånekort og pin-kode (4 siffer). Manglar du lånekort, ordnar vi det for deg – send ein e-post til bibliotek@gloppen.kommune.no

Karanteket - digitale bibliotektilbod til deg!

Karanteket er utvikla av Nordland fylkesbibliotek i samarbeid med Meieriet bibliotek.

Nyheit: No kan du bli nasjonal lånar på nett!

Du treng nasjonalt lånekort for å bruke mange av dei digitale bibliotektenestene – for eksempel BookBites og Filmbib.

Tidlegare måtte du møte opp i biblioteket for å få nasjonalt lånekort, sidan det krev personnummer. No har Nasjonalbiblioteket og Bibliotekutvikling AS lansert ei trygg digital løysing der publikum sjølv kan opprette nasjonalt kort heimanfrå.

Berre gå inn på https://nb.bib.no/

Tenesta krev at ein identifiserer seg med hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, etc.).

Har du nasjonalt kort frå ein annan stad i landet, men har ikkje brukt det her? Ta kontakt med biblioteket, så aktiverer vi det! bibliotek@gloppen.kommune.no

Gloppen folkebibliotek stengde 12. mars 2020 kl. 18.00 etter pålegg frå myndighetene.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk