Biblioteksjef Torill Berge ved utlånsautomaten
Gloppen folkebibliotek vert stengt frå mandag 30. januar -12. februar. Meirope bibliotek vert også stengt i same periode. Dette skuldast ein stor intern jobb som skal gjerast knytt til skifte av utlånsteknologi: Frå strekkodar til RFID. Biblioteket har sidan 1995 brukt strekkodar for å identifisere alle bøker og anna som har vore til utlån. Bruk av RFID, som er små magnetbrikker, er ein annan og meir effektiv teknologi for å gjere det same. Metoden har vore i bruk i mange bibliotek lenge. Utlån og innlevering vert enklare både i sjølbetjening og i skranke. Det vil også gje ei meir efffektiv oversikt over samlinga.

Det er nødvendig å stenge biblioteket fordi overgangen er arbeidskrevjande. Kvar enkelt bok skal ut av hylla og handterast. Dette krev tid og konsentrasjon. Utlånsautomaten vil ikkje fungere i omstillingsperioden og meirope bibliotek må derfor stengast.

Innlevering i denne perioden

Bøker kan leverast i bokkassene utanfor biblioteket og på Heradshuset som vanleg. Bøker vert ikkje purra i denne perioden, men kan gjerne leverast inn så vi får merka dei om.

Vi minner om biblioteket sine digitale tilbod

Lån bøker eller lydbøker i appen BoobBites, les aviser og blad i appen PressReader, eller sjå film i appen FilmBib eller på Filmoteket.no. Du kan som vanleg bruke den enorme samlinga til Nasjonalbiblioteket på nb.no.

Arrangementet 1. februar i lag med Hageselskapet Gloppen: Plantebonanza innomhus vil gå som planlagt.

Vi er leie for ulempa dette medfører for folk, og vi skal gjere vårt beste for at denne stengte perioden ikkje vert lenger enn nødvendig.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk