Mandag 7. februar kl. 19.30 i kinosalen:
Hege Lothe bokbadar forfattaren Anne Gunn Halvorsen
Påmelding pr telefon 4003371 eller e-post. Krav om å bruke munnbind.
Gratis inngong.

I løpet av kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkehus. Med andre ord, alt eit vaksenliv fører med seg av gjeld, ansvar og kvardagar. Ein dag ho surfar rundt på internett slår det henne: Ho har brukt langt meir tid på å søke opp kjendisungar, treningsklede og føflekker enn sjølve livet. For kva bør du eigentlig ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å leve lengst mogleg? Korleis unngå havarerte ekteskap og altfor høge lån? Denne boka er ein humoristisk introduksjon til vaksenlivet. Halvorsen har brukt eitt år på samlivskurs og finanskonferanse, forskningsrapportar og historiebøker. Alt for å finne svar på dei store spørsmåla om det å vere vaksen. (frå bokomtalen til «Livet og korleis leve med det«)

Biblioteket har fått midlar frå Fritt ord for å setje lys på temaet Pengane og livet. Forfattaren Anne Gunn Halvorsen skal skal halde foredrag for ungdom på dagtid om boka si om frykt: «Ikke vær redd – ein overlevelsesguide for unge». På kveldstid byr vi på bokbad med Hege Lothe som vert. Temaet Pengane og livet er henta frå alle tre fagbøkene hennar:

  • Livet og korleis leve det
  • Stress og korleis leve med det
  • Ikke vær redd – en overlevelsguide for unge

   

Anne Gunn Halvorsen har også skrive ein ungdomsroman-serie «Halve kongeriket» i lag med Randi Fuglehaug. Den første boka i denne serien heiter «Arvingen». Den blir no filmatisert, og skal lanserast globalt på Netflix i 2022. «Arvingen» vann U-prisen i 2021.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk