Vilde manglar håp for framtida, og har ikkje trua på at ho kjem til å lukkast. Krav og forventnignar tømmer Vilde for krefter. Gradvis vert vi kjende med at Vilde har hatt ei omveltande livshending det siste året og har streva med panikkangst og depresjon i kjølvatnet av dette. Ho har problem med å forsone seg med det som har hendt og føler skuld samtidig som ho kjenner på svik og har eit sinne som byggjer seg opp. Gjennom kampsporten Krav Maga får ho utløp for aggresiviteten ho ber på, eit pusterom frå tankane som jagar, eller er det falsk tryggleik? I Bristol innleiar ho eit venskap med Fiona som på mange måtar riv av plasteret frå sår som ikkje vil gro. Vilde får slagside.

Mørk og intens handling, godt språk, levande skildringar og nære personkarakterar gjer denne boka levande og altoppslukande. Les den!

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk