Frå 15. juni er det ikkje avgrensingar på kor mange som kan vere i biblioteket samtidig. Framleis gjeld regelen om korte besøk og 1 meter avstand, men barn kan vere på biblioteket utan vaksne (maks 10 minutt).

Avgrensingar:

  • Korte besøk, også av barn utan at vaksne er med (maks 10 min)
  • Ikkje lenger maks-grenser på tal personar samtidig
  • Kun 1 pc til nettbruk/utskrifter (ikkje speling). Reinhald/spriting etter kvar brukar.
  • Høve til å bestille bøker på førehand, som vanleg: 1) Søk og bestill i databasen (websøket), bruk lånenummeret og pinkode (4 siffer). 2) Send e-post til bibliotek@gloppen.kommune.no 3) Ring 40033721
  • Studierom og grupperom på Sandane: Avgrensa tal plassar. Høve til å bestille på førehand.

Stengde tenester inntil vidare:

  • Sjølvbetjent utlån
  • Sosiale aktivitetar som å spele spel, bygge duplo, kjøpe kaffi.

Smittevern:

  • Bruk av handsprit før og etter bibliotekbesøket.
  • Hald avstand til andre besøkande/tilsette (minst 1 meter).
  • Vær nøye med handhygiene når du tek i bøker og anna utlånsmateriale.
  • Innleverte bøker blir sett i karantene.
  • Dersom du har luftvegssymptom ber vi om at du ikkje besøker biblioteket.
  • Dei som ikkje ynskjer å gå inn i lokalet, kan få levert bøker ved utgangsdøra.
  • Heimkøyring: Ta kontakt med Gloppen Frivillegsentraltlf 921 20 505

Viser til Smittevernveileder for bibliotek (8.5.2020). Tiltaka er sett i verk i samråd med kommuneoverlegen.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk