
Formidling til skular og barnehagar
Skular og barnehagar kan gjere avtale om
- Bokprat
- Forteljarstund
- Bokkasser
- Hjelp til å finne noko å lese
- Tips til bøker på nynorsk
- Vert-kjent-besøk for 1. steg
- Leseaksjonen Sommarles for 1.-7. steg
- «Er det ingen dikt om flyndre i den boka?» Bibliotekbesøk med læring og lesing for 2. og 3. steg (prosjekt)
Ta kontakt for å avtale tidspunkt og innhald: 400 33 721 / e-post.
Meir om formidlingstilboda for skuleelevar
Vert-kjent-med-biblioteket-ditt» besøk for 1. steg
Elevar på 1. steg vert inviterte til eit fyrste «Vert-kjent-med-biblioteket-ditt» besøk. Ein introduksjon til biblioteket og korleis bruke det og elevane får sitt eige lånekort. Dette er eit tilbod i samarbeid med Den lokale kulturelle skulesekken
Bibliotekbesøk for 2. og 3. steg
Biblioteket tilbyr ein serie av førebudde bibliotektimar for 2. og 3. stegs elevar. Prosjektet «Er det ingen dikt om flyndre i den boka?» er eit sjølvutvikla formidlingsopplegg som er støtta av Nasjonalbiblioteket med fokus på sjangerlære og bruk av biblioteket, og med forfattarbesøk.
Leseaksjonen Sommarles for 1.-7. steg
Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av folkebiblioteka for alle barn frå 1. – 7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. Leseaksjonen er gratis og alle som deltek kan registrere lesinga si på nettsida sommarles.no for å samle XP/poeng for kvar lesne side, svare på oppgåver, sjå kva venner les og vinne digitale trofear og premiar undervegs i lesinga. Målet er å motivere til lesing gjennom ein lang sommarferie.