Biblioteket har hatt besøk av forfattaren Lisbeth Dreyer, som har skrive den fantastiske boka «Gjermund gjerdesmett og andre føykne fuglar». Her er det mange flotte dikt, og gode illustrasjonar.

Biblioteket inviterte førskulegrupper og kunstgruppa til Gloppen kulturskule til møte med forfattaren. Dei fekk oppleve opplesing frå boka, og fekk utfalde seg kreativt i lag med ho. Nokre grupper var til skogs i det nynorske turbiblioteket i Trivselsskogen (Draumekvila), i regn og uver. Andre grupper var inne på biblioteket.

Resultata av det kreative arbeidet heng no på kommunen sitt tre, som ofte er å sjå i samband med Landsbylaurdagar. No er treet på biblioteket. Velkomen innom for å sjå!

Prosjektet «Føykne fuglar» er støtta av Bibliotekutvikling Vestland

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk