Eit frøbibliotek er eit tilbod for alle som har lyst å prøve å så frø sjølv.  Her kan du låne frø om våren, som du kan så heime i hagen eller i ei potte. Så kan du følgje korleis det spirer og veks, og –  om du vil, kan du hauste frø og levere tilbake til frøbiblioteket, til glede for andre igjen. Det kan bli ein fin sirkel! 

I oppstarten vil fleire hageinteresserte i Gloppen levere frø frå sine eigne hagar. Frøbiblioteket passar  for nybegynnarar, som gjerne vil prøve å dyrke sjølv, anten det no er sommarblomar eller noko etande som urter og grønsaker, eller det kan vere dei meir erfarne som gjerne vil prøve frø hausta lokalt.

Alle kan så eit frø! Samtidig kan ein vere med å skape meir insektsvenlege miljø, og ein kan hente inspirasjon og lærdom frå bøker, nettstader, og frå meir erfarne hagedyrkarar lokalt.

Utgangspunktet for tilbodet er interessa for frø og såing blant medlemmer i hagelaget. Det finst dessutan fleire slike frøbibliotek, gjerne knytt til folkebiblioteka landet rundt. No også i Gloppen.

Frøbiblioteket er eit nytt tilbod på folkebiblioteket, etter initiativ frå Hageselskapet Gloppen. Biblioteket og hagelaget ynskjer med eit slikt frøbibliotek å spreie kunnskap for å ta vare på og bruke lokale ressursar rundt oss. 

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk