Frå bokskåp – til livlege bibliotekrom, strøymearrangement og halloween-sminka bibliotekar!

Gloppen folkebibliotek har røter tilbake til 1840 – og ein vedtaksdato 9.november i kommunestyret. Då vart det bestemt at det skulle skipast 2 boksamlingar, ei for Gloppen og ei for Breim. Vedtaket skapte debatt den gongen-  t.d. frå sokneprest Ludvig Daae: «- jeg veed at de (dvs bygdefolket) til de fleste av aarets tider ikke vilde læse bøgerne og ennu mindre sørge for deres ordentlige cirkulation og reenlige behandling».

Dengong var biblioteket ei lita boksamling i eit skåp med dører og utlånet skjedde gjerne på kyrkjebakken, som var ein av dei viktigaste møtestadane.

Visst er bibliotek i dag noko heilt anna, sjølv om kjerna er mykje det same. Biblioteket står på svært stødige bein som samfunnsinstitusjon: Med ei mengd oppgåver der møte mellom menneske, kunnskap, læring og lesing står sentralt, men også det å vere ein uforpliktande møtestad i kvardagen og stad for deling, både fysisk og digitalt.

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre seier t.d. at biblioteka i Norge anno 2019 er i sin gullalder.

Og vi vågar påstanden om at Gloppen folkebibliotek er ein vital 180-åring!

Les om historia til biblioteket

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk