2021 vart også eit år med fokus på smittevern, likevel med lange periodar med tilnærma normal driftssituasjon i kvardagen. Men – med iverksetjing av vedtekne innsparingstiltak, vart tilbodet til publikum merkbart endra frå 1. januar, med stenging av biblioteket på Byrkjelo og laurdagsstengt bibliotek på Sandane.

Ved avviklinga av bibliotekfilialen fekk Breim skule og Breim barnehage overta det dei ynskte av bøker og inventar, på same måte som Hyen skule og barnehage fekk tidlegare.

Samtidig med kutt i driftsbudsjettet, vart det løyvd investeringsmidlar for å få på plass Meirope bibliotek, noko Firda vgs bidrog med midlar til på lik fot. Meirope bibliotek vil seie at alle over 15 år som ynskjer tilgang, kan besøke biblioteket både kveld og helg, med eit sjølvbetjent opplegg. Dette tilbodet kjem altså i tillegg til den ordinære opningstida med tilsette til stades. Nordfjordnett styrte arbeidet med felles anbod for fleire Nordfjordkommunar for innkjøp av utstyr. Meirope bibliotek vert truleg starta i løpet av 1. halvår 2022.

Dei vedtekne meirope-midlane var medverkande til at biblioteket fekk positivt svar frå Bibliotekutvikling Vestlandsøknaden om fornyingsmidlar til prosjektet Folk og fargar, fakta og fantasi. Arbeidet er no godt i gang, og vil etterkvart vil gje eit fornya bibliotek i Trivselshagen.

Sommaren 2021 vart det levert sluttrapport for eit fleirårig prosjekt med tilbod til barneskulane, støtta av Nasjonalbiblioteket. Frå hausten 2021 vart dette vidareført i ei form tilpassa dagens driftssituasjon, og utan eksterne midlar. Tilbodet er kalla Trygg start, og gir alle barneskulane eit fast tilbod for dei tre første klassetrinna.

Forfattaren Anna R. Folkestad teiknar og fortel i ein skuleklasse

Kampanjen SommarLes for barn hadde rekordoppslutnad. Heile 65% av alle barna i Gloppen deltok, dvs 322 barn. Dagleg aktivitet med høg etterspurnad frå barneskulane prega kvardagen gjennom året. Dette skuldast auka fokus på lesing i skulen, men seier også noko om ressurssituasjonen for skulebiblioteka i grunnskulen.

Korona-utsette arrangement måtte også takast igjen. l løpet av hausten vart det derfor gjennomført ekstra mange formidlingsoppdrag.  Spesielt kan nemnast besøket av den gamle bokbåten Epos, no kalla Det flytande litteraturhuset. Bibliotekarane baud på program for vaksne på Hestenesøyra og for barn på Sandane.

Bibliotekarane sitt program på bokbåten: Formidling av biletboka «Hva i all verden?» av Max Estes

Utlåns- og besøkstal (førebelse utlånstal)
2021 vart det første driftsåret sidan oppstarten i 1840 med kun ei bibliotekavdeling. Samstundes som drifta vart kutta, jobba ein med utvikling og fornying – med investeringsmidlar frå Gloppen kommune og Firda vgs, stønadsmidlar frå Bibliotekutvikling Vestland og bidrag frå Nordfjordnett til det anbodstekniske ved innkjøp av utstyr til Meirope bibliotek for fleire Nordfjord-kommunar.

Sidan vi ventar på statistikken for utlån av e-bøker og e-lydbøker i appen BookBites, har vi ikkje endelege tal for utlån pr i dag. Det meste er likevel klart. Så om vi estimerer utlån av e-bøker og e-lydbøker i BookBites som i 2020 (1.539 utlån), har vi dette samla, førebelse utlånstalet for 2021: 40.214

Vi oppdaterer artikkelen med rett utlånstal så snart vi får statistikken frå BookBites.

2021 (Sandane): 40.214 (førebels utlånstal)
2020 (Sandane, Byrkjelo): 40.361
2019 (Sandane, Byrkjelo): 49.725
2018 (Sandane, Byrkjelo): 48.711
2017 (Sandane, Byrkjelo og første halvår Hyen): 44.888
2016 (Sandane, Byrkjelo og Hyen): 47.447

Biblioteket på Sandane hadde 52.000 besøkande i 2021, derav 14.200 på studierommet.

Mest utlånte titlar for barn

  1. Visste du at-? Godteri / Anna R. Folkestad (Leseland)
  2. Dei svarte svanene/ Ruth Lillegraven (Klodeklubben)
  3. Visste du at-? Sushi / Anna R. Folkestad (Leseland)
  4. Tanntrøbbel / Anna R. Folkestad (Leseland)
  5. Reisen til Jotundalen / Malin Falch (Nordlys)

Mest utlånte titlar for vaksne

  1. Hekneveven / Lars Mytting
  2. Den savnede søsteren / Lucinda Riley
  3. Bare en mor / Roy Jacobsen
  4. Felemakaren / Edvard Hoem
  5. Tollak til Ingeborg / Tore Renberg

 

 

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk