«Mist for all del ikkje lysta til å gå», skreiv den danske filosofen Søren Kierkegaard, og på vegen vandra han seg til dei klaraste tankane.

Denne artikkelen vil inspirere til fysisk aktivitet og avspenning og vise nokre døme frå den store mengda av nettstader og bøker som finst.

 

Finn øvingar som passar og gjer dei til ein vane

Vinteren er ei tid for aktivitetar ute og inne, i veksling med det å finne ro og kvile. «Har du hugsa koppen din?», stod det på eit oppslag i eit personalrom. Ei vittig sjel hadde lagt til ein r, og no kan vi til dømes hugse kroppen ved å gå på beina, stå på snøbrett, ski, skøyter og sykle med piggdekk.
Trim og leik kan gå over i kvarandre. Kanskje driv du med nyare former for sport som organisasjonen Tverga listar opp nokre av her (tverga.no)?

Benk ute med teksten "Nyt livet", foto

Ein tur ut i frisk luft om dagen kan gjere stor skilnad, og det treng ikkje vere så avansert å få til. Foto: Hanne Espe, Vestland fylkeskommune

nettstaden ut.no er det mange gode turforslag, og GodTur er ein liknande ressurs (godtur.no). Eller du kan finne felles turar frå lokale turlag (DNT). Nettstaden til #1omdagen har forslag til korleis ein skal kome seg ut kvar dag (norskfriluftsliv.no)

Apropos at Kierkegaard kunne skrive at han tenkte så godt medan han gjekk, ein kan lese om å trene seg lukkeleg og smart i boka «Hjernesterk : hvordan fysisk aktivitet styrker hjernen» av Anders Hansen (Bokelskere). Teksten finst fleire utgåver i papir, e-bok og som lydbok. Her snakkar han meir om temaet i eit opptak frå Sveriges radio (lydopptak, Sveriges radio). Til dømes var det ei undersøking som viste at å gå ein halvtimes tur kan betre hjernefunksjonen (brainupfl.org). Ein kan finne eit tempo der ein aukar sirkulasjonen i kroppen. Uansett bidreg turen til å halde «toppetasjen» i form, saman med godt kosthald, meiningsfulle oppgåver og sosiale kontaktar.

Felles trening inne er vanskelegare under korona, og trening heime kan vere eit alternativ. I ein artikkel finn vi fem tips for å lukkast med heimetrening (trening.no).
Biblioteka ønsker å gje rett teneste til rett brukar, og for trening gjeld det same – å finne noko som høver akkurat for deg. Det finst nettstader og bøker med inspirasjon for mange nivå og ulike delar av kroppen.
Om ein er utrent, må ein sjølvsagt ta omsyn til fysisk form og ikkje starte for hardt. Varm gjerne opp med å riste laus og danse til musikk.

Ein kan prøve øvingar tenkt for spesielle behov, men som kan passe for alle. Her kan du finne eit utval øvingar som kan vere gode å starte med (treningsvideoar, LHL).
Mange kjenner til trenar Yngvar Andersen frå fjernsyn og bøker. Her er ei lett øving ein kan trene frå sofaen (video, nrk.no). Kanskje ei kort økt til sporten i fjernsynet? Ønsker vi noko meir, finst det gode treningsbøker på biblioteket. Eller vi kan vi søke opp treningsvideoar på stadar som YouTube (norske treningsvideoar, YouTube).

Aust møter vest

Austlege praksisar innan til dømes yoga har påverka mosjonsøvingar i vest.
«Dei fem tibetanske ritane» er lette å gjere. Ei bok som viser øvingane finst på nettet; «Ungdomskilden», Peter Kelder (Bokhylla.no, NB). Instruksjonsfilm med ritane er til dømes denne filmen; «Ungdomskilden – de fem tibetanske ritene» (Shanti.no). Der finn eg også ein nettstad med tips om nyare yogabøker (Shanti.no), som biblioteka har eller kan låne inn frå andre.

Yoga finst det mange kjelder til på nettet. Enkelte av nettstadane har både øvingar som er gratis og trening ein kan betale for.
Nokre av filmane er med nordiske språk, til dømes øvingar med Hedda Malde (YouTube). Timar med telefon og pc kan føre til stive skuldrar og nakke. Nettstaden Yogobe har lagt ut ein del korte yogaøvingar (YouTube). Eller ein kan prøve med massasje av nakken og hovudet (YouTube). På engelsk finst mellom anna «Yoga with Adriene» (YouTube), og ho har øvingar for ulike delar av kroppen. Esther Ekhart har fleire program (YouTube). Yoga passar like godt for menn, slik som instruktørane viser på denne nettstaden: «Yoga for strength» (YouTube). «Sunn kompis» (YouTube) har korte øvingar ein kan prøve.

Kjelder til avspenning og ro

Autogen trening handlar om avspenning, og ein fokuserer på ulike delar av kroppen for å få musklane til å slappe av. Det finst mange instruksjonar på nettet, og det gjeld å finne ei stemme ein liker å høyre på. «Avspenning på 10 minutter» frå denne nettstaden er eit døme (YouTube). Andre koplar avspenning til det å seie oppmuntrande setningar til seg sjølv, slik som i denne videoen «Mental trening for godt selvbilde» (YouTube).

Kvinne med ryggen til som slappar av i naturen, foto

Kva kan gi deg avspenning og ro? Det finst gode kjelder til å få hjelp med dette.

Evna til å få opp indre bilde heng saman med å kunne bevege blikket. Ei øving er å lukke auga og la blikket gå opp til venstre, hald litt og pust. La blikket gå ned til høgre. Hald og pust. Gjer det same frå oppe til høgre og ned til venstre. La blikket gå sakte i sirkel, først den eine vegen og så den andre. Øvinga er henta frå boka «Balansenøkler» av Merete Sparre (Biblioteksøk, Nasjonalbiblioteket).

I yoga snakkar ein om korleis det kan hjelpe å bruke pusten aktivt i stillingane. Lege og forfattar Audun Myskja er ein av dei som er oppteken av korleis pusten påverkar oss, og han har skrive fleire bøker om kropp og sinn. Eit par korte øvingar med han om avslapping og pust finn du her; «Myskjatunets Mestringsmedisin» (YouTube).

Mindfulness er eit omgrep som ein på norsk kan kalle merksamt nærvær, og det heng nær saman med meditasjon. Her kan ein lese meir om det; «Mindfulness – hva er meditasjon» (onlinepsykologene.no)
Øvingar med lydopptak av psykolog Christine Lien kan ein finne på denne nettstaden (christinelien.no).
Michael de Vibe og Even Halland har utvikla eit kurs på nettstaden nærvær.no, og nokre av opptaka er tilgjengelege for alle; Opne opptak frå Nærvær.no (Soundcloud). Her snakkar dei om at å øve nærvær kan hjelpe den enkelte, men i tillegg kan det vere til gode for fleire, ved at ein øver opp større toleranse og empati.

Tekst: Helge Skurtveit, bibliotekutvikling Vestland
Foto: Framheva bilde: Carl Newton, Unsplash
Foto i artikkelen 1: Hanne Espe, Vestland fylkeskommune
Foto i artikkelen 2: Artev Kovalev, Unsplash

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk