Med stengde bibliotek landet over, må biblioteka nå ut til sine brukarar på nye måtar. Karanteket er ei samleside over digitale bibliotektenester der du finn blant anna filmar, e-bøker, kurs, podkastar og “smittefrie arrangement” – heilt gratis.

 

 

Karanteket er utvikla av Nordland fylkesbibliotek i samarbeid med Meieriet bibliotek.

Nyheit: No kan du bli nasjonal lånar på nett!

Du treng nasjonalt lånekort for å bruke mange av dei digitale bibliotektenestene – for eksempel BookBites og Filmbib.

Tidlegare måtte du møte opp i biblioteket for å få nasjonalt lånekort, sidan det krev personnummer. No har Nasjonalbiblioteket og Bibliotekutvikling AS lansert ei trygg digital løysing der publikum sjølv kan opprette nasjonalt kort heimanfrå.

Berre gå inn på https://nb.bib.no/

Tenesta krev at ein identifiserer seg med hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, etc.).

Har du nasjonalt kort frå ein annan stad i landet, men har ikkje brukt det her? Ta kontakt med biblioteket, så aktiverer vi det! bibliotek@gloppen.kommune.no

 

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk