No er det ekstra hjelp å hente for barn som er på jakt etter ei god bok!

Er ikkje bibliotekaren der for å rettleie? Slepp barna laus på lesedigg.no så kan dei leike og leite etter bøker digitalt.

LesediggNettstaden lesedigg.no foreslår bøker som passar til det enkelte barn: Kor lang skal boka vere? Skal den vere lettlesen eller ha mange bilete?

Finn knappen «Oppdag», og begynn å leite etter bøker.
Eller skroll nedover sida for å finne nyaste bokmelding, aktuelle aktivitetar, forfattarintervju og siste nytt frå Framtida Junior. Eventuelt kan du bruke meny-knappen øvst til høgre, der du finn snarvegar til bokmeldingar, bokomtalar, intervju og aktivitetar.

Lesedigg er utvikla med tanke på å nå barna direkte. Difor er den også designa for å appellere til målgruppa med ekstra vekt på bruk av emojiar og visuelle element. Bøkene som ligg inne på Lesedigg er henta frå nynorskbok.no og Framtida Junior. Det betyr at hovudvekta av titlane er på nynorsk og er difor eit viktig bidrag for å spreie gode nynorsklitteratur. Nettstaden vil få påfyll av nye titlar til barn og unge frå framtidjunior og nynorskbok.no utover hausten.

Kven står bak?
Lesedigg.no er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa), seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida Junior. Nasjonalbiblioteket har gitt utviklingsstøtte.

 

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk