Kva? 
Ved å inngå avtale med Gloppen folkebibliotek får du tilgang til biblioteket sine lokale frå kl. 7 – 23 alle dagar. I den ordinære opningstida møter du personalet som vanleg. 

Korleis? 
Skriv under på Kontrakt Meirope bibliotek og lever den til personalet. Du kjem inn på biblioteket ved å lese av lånekortet i kortlesaren ved inngangen og taste pin-kode. Det er eiga kontrakt for elevar ved Firda vgs.

Kven? 
Tilbodet gjeld for alle registrerte lånarar som er 15 år eller eldre. Dersom du er under 18 år, må ein føresett skriva under på kontrakten. Born kan nytte tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen som har tilgang. Den vaksne har ansvar for dei borna hen tek med seg. Det vil vere personale i biblioteket i delar av den ubemanna opningstida, for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp kan du kome i den ordinære opningstida.

Vårt felles bibliotek
Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vere til glede og nytte for alle – du bør derfor passe godt på det og halde ro og orden.

Tilgang og bruk 
• Før du kan nytte tilbodet må du signere ei kontrakt der du skriv under på at du har lese vilkåra for meirope bibliotek.
• Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre.
• Born kan bruke tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg, og borna skal ikkje vere åleine i biblioteket.
• Biblioteket kan stengje tilgangen for brukarar som bryt vilkåra. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt til politiet.
• Du kjem inn på biblioteket ved å registrere lånekortet i kortlesaren ved inngangsdøra, samt taste pin-koden.
• Når du loggar deg inn i det meiropne biblioteket vil det bli registrert at du er der. Biblioteklokale er videoovervaka for at du skal føle deg trygg, og som vern av biblioteket sitt inventar og utstyr.
• Det kjem melding over høgtalarane når biblioteket er i ferd med å stengje, ver vennleg å forlate biblioteket i god tid for å unngå at alarmen vert utløyst.

Sørvistilbod 
Utanom ordinær opningstid er du sjølv ansvarleg for å nytte deg av dei tilgjengelege tenestene på ein forsvarleg måte.

Kopiering og skanning kan du gjere sjølv på skrivaren. Ved skanning må du ha med eigen minnebrikke. Det kostar pengar å ta utskrift og kopi. Prisane står ved skrivaren.

Utskrift: Bruk biblioteket sin Chromebook (bærbar PC) som er kobla til skrivaren.

Ønskjer du ein kopp kaffi, te, kakao eller solbærtoddy medan du er på biblioteket? Bruk drikkeautomaten. Kr. 22 per kopp. Betaling for kopiar, utskrift og drikke: Vipps til Gloppen folkebibliotek #130292.

Bestilte / reserverte bøker finn du i hentehylla (tralle på hjul, plassert ved utlånsautomaten). Sjekk at reservasjonsnummeret stemmer med det som står på meldinga du fekk. Lån ut boka til deg sjølv på automaten.

Skulle det oppstå ein feil med utstyret slik at du ikkje får lånt, kan du likevel ta med bøkene. Send e-post til biblioteket eller ring i vanleg opningstid, så kan vi registrere det du har lånt.

Utlån: Korleis bruke utlånsautomaten

  1. Vel teneste «Låne» ved å trykke på symbolet.
  2. Legg lånekortet med strekkoden opp og juster det slik at kortet blir scanna på den raude lysstripa. Firda vgs-elevar brukar appen Pocket-ID, les av QR-koden.
  3. Legg boka med strekkoden opp slik at den raude lysstripa treff den. Du kan berre scanne ein ting om gangen.
  4. Ønskjer du kvittering kan du få det på e-post eller papir. Då må e-posten din vere registrert hos biblioteket.
  5. Ønskjer du å sjå kva lån og reserveringar du har kan du trykke på «Mine lån». Då må du bruke lånekortet og taste pin-koden din (elevar ved Firda vgs nyttar Pocket-ID). 

Innlevering
Legg bøkene inn bokkassa i gangen, eller i innleveringshylle ved utlånsautomaten. Personalet leverer inn bøkene neste opningsdag.

Digitalt lånekort
Du kan bruke fysisk eller digitalt lånekort for å låse deg inn på biblioteket og for å låne bøker på utlånsautomaten.

For å gå tilgang til det digitale lånekortet via mobiltelefon: Logg inn på «Mine sider» med lånekortnummer/e-postadresse og pinkode. Du finn lånekortet nedst i menyen.

Slik lagrar du lånekortet på mobilen:
–  ta eit skjermbilete av lånekortet
eller: Logg inn og svar ja på at telefonen kan lagre passordet (Merk at Autoutfyll av passord må vere slått på i Innstillinger, og at dette vil gjelde alle andre ting)
– Android: Klikk på menyteiknet (tre prikkar) og deretter Legg til på startsiden
– iPhone: Klikk på eksportteiknet (firkant med pil opp) og Legg til på Hjem-skjermen

Meirope bibliotek ved Gloppen folkebibliotek vart høgtideleg opna 7. april 2022 og er eit samarbeid mellom Gloppen kommune og Firda vidaregåande skule

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk