Dessverre vert foredraget med Edvard Hoem 3. november AVLYST!
Dei som har kjøpt billettar via nettet vil få billettane refundert automatisk. Dei som har handla lokalt på enten Servicetorget eller i Trivselshagen må møte opp der med billettane for å få desse refundert.

 

Møt Edvard Hoem diktarhøvdingen bak slåttekarar i himmelen og jordmødre på jord.

Vi markerar 180 år med bibliotek i Gloppen – og inviterar til møte med ein kjend og kjær forfattar i storstova vår, kultursalen i Trivselshagen. Edvard Hoem vil ta oss med inn i sitt litterære univers, der han vev saman karakterar frå ulike bøker. Han debuterte i 1969, og har ein svært stor og allsidig litterær produksjon bak seg: dikt, roman, drama og biografi. I tillegg har han gjendikta fleire stykke av Shakespeare til norsk. Han var i ein periode også teatersjef i Molde.

I seinare tid er det bøkene om utvandrarane i Hoem-slekta som har gjort han til ein av dei mest populære samtidsforfattarane i Noreg: Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd, Jordmor på jorda.  Dei inngår i eit stort krønikeverk som ein kan seie byrja med den sjølvbiografiske boka Heimlandet. Barndom (1985), og heldt fram med Mor og fars historie (2005) og Jordmor på jorda. Seinare i haust kjem boka Felemakaren.

Edvard Hoem er ein nestor i norsk kulturliv, ikkje berre har han gledd oss med skjønnlitterære tekstar i snart ein mannsalder, han har også eit stort fagleg forfattarskap bak seg. Å skrive så autentisk som mogleg og grundig research er stikkord for eit langt og eineståande forfattarskap.
Samstundes med desse slektsromanane har han t.d. også skrive det 4 binds store verket om Bjørnstjerne Bjørnson. I 2019 vart Edvard Hoem tildelt heidersprisen under Brageprisutdeling, og i 2020 vart han Kommandør av St. Olavs Orden for sin store og framståande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

I Gloppen reknar vi 9.november 1840 for startdato for folkebiblioteket, då vart det vedteke skiping av 2 boksamlingar, ei for Gloppen og ei for Breim. I 2015 vart 175-års jubileet feira på ulikt vis gjennom heile året. I 2020 gjer vi det på dette viset, med å invitere glopparar til eit møte med ein av våre store forfattarar.

Arrangementet er i samarbeid med Bibliotekutvikling Vestland og Folkeakademia.
Med billettbestilling på namn og plassreservering i kultursalen er smittevern godt ivareteke.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk