Kjersti Wøien Håland er både manusforfattar, romanforfattar og lyrikar. Onsdag 2. oktober kjem ho til biblioteket, der nokre av scenene i Lovleg-serien vart spelt inn. Velkomen til eit møte med forfattaren i samtale med Ingrid Brevik Håheim, som er norsklærar på Firda vgs. Det vert sjølvsagt også vist glimt frå denne P3-serien.

Lovleg-serien vart spelt inn på Sandane og Firda vgs i 2017 og 2018, og vist på NRK, SVT og DR. For mange vart nettsida den viktigaste måten å sjå serien på. Produksjonen sette sitt preg på bygda og skulen i innspelingsperioden, og det var mange lokale innspelingsstader og lokale statistar. Skodespelaren til hovudrolla var også frå Gloppen: Kristine Ryssdalsnes Horvli.

Opphavskvinna til Lovleg var altså Kjersti Wøien Håland, sjølv tidlegare Firdaelev. Ho har fleire bokututgjevingar bak seg, og har utdanning både som tekstforfattar og manusforfattar.

Allkunne.no skriv om forfattarskapen hennar: «Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leitar etter meining. Tekstane hennar er engasjerte, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Både i poesi og prosa kjem lesaren tett på individet. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk.»

Første sesong av Lovleg vart nominert til Medieprisen for beste web-tv-serie. Våren 2019 var forfattaren tilbake på Sandane for å ta i mot Noregs Mållag sin Målpris saman med produsent Hege Hauff Hvattum.

Biblioteket ynskjer å presentere ein forfattar som brukar ei stor og variert verktøykasse for å skape dei historiene ho ynskjer å fortelje og formidle. I Lovleg brukte ho fleire forteljemåtar i tillegg til dei filmatiske. På nettsida fekk vi undervegs lese hovudpersonen Gunnhild sine notatar på mobiltelefonen. Gunnhild skreiv også dikt og lagra dei som notat – og eit av desse var sentralt i sluttepisoden. Mange sjåarar hadde stor glede av å følgje eller kommentere klippa på nettsida undervegs. Det blomstra i kommentarfeltet med heiarop, personlege erfaringar og fantasifull meddikting.

Gratis inngang. Arrangementa er støtta av Nasjonalbiblioteket si satsing Bokåret 2019, og nokre klasser på Firda vgs vil få møte henne i biblioteket på dagtid.

Bøkene til Kjersti Wøien Håland:

  • Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti, lyrikk, Flamme (2013)
  • Dommedøgn, roman, Flamme (2014)
  • Panikk!, lyrikk, Flamme (2015)
  • Kom og hent meg, lyrikk, Flamme (2017)
  • Rasfare, lyrikk, Flamme (2018)

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk