Nb.no har verdas største digitale samling av litteratur som er utgjeven i Noreg eller skriven av norske forfattarar. Samlinga inneheld norsk og utanlandsk skjønnlitteratur, sakprosa, aviser, tidsskrift og småtrykk, frå 1450 til i dag.

Noko av materialet på nb.no er merka med «Begrenset tilgang». Dette materialet kan du få tilgang til, om bruken gjeld forsking og dokumentasjon.

Slik søkjer du om tilgang: Logg på med ID-porten (td. BankID) eller FEIDE. Skriv inn Gloppen folkebibliotek nedst, og klikk på søk. Det er krav om personleg oppmøte i biblioteket for å få søknaden godkjent. Bibliotekaren gjev deg tilgang i 8 timar. Du bruke denne tilgangen kor du vil, du treng ikkje å sitje i biblioteket. Du kan søke (og møte opp) på nytt for å få tilgang i nye 8 timar.

Personleg oppmøte er altså ein føresetnad for å få tilgang, det ligg i avtalen som er forhandla fram mellom Nasjonalbiblioteket og rettighetshavarane. Tilgangen gjeld svært mykje av materialet i den enorme databasen til Nasjonalbiblioteket, og er eit unikt tilbod for norske borgarar. Pr i dag er det ingen andre land som gir slik tilgang til materiale som har avgrensingar i høve til copyright. 

Dersom du ikkje har høve til personleg oppmøte for å søke om tilgang, eller Gloppen folkebibliotek er stengt, kan du søkje om tilgang frå Nasjonalbiblioteket. Dei handsamar søknadar 09-19 kvardagar og frå 10-15 på laurdagar.

Tilgang for synshemma
Som synshemma har du særskilde rettar. Her finn du informasjon om korleis Nasjonalbiblioteket samarbeider med Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek.

Avisartiklar
Du kan få tilgang til avisartiklar med «begrenset tilgang» så lenge du oppheld deg i biblioteket. Møt opp i biblioteket og få vite dagens passord. Logg på med biblioteket sin brukar, ikkje den personlege (ID-porten/FEIDE).

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk