Jostein Hansen si bok: “Saueull, fossekraft og gründerånd –Evebø fabrikker 1910 -1984” er ei sjeldan bok om fabrikkhistorie, familiehistorie og om utviklinga av eit samfunn, frå eit meir stilleståande bondesamfunn og langt inni ei moderne tid. Evebøfoss, som fabrikken etterkvart vart heitande, var ei hjørnesteinsbedrift i Gloppen som ga mange kvinnearbeidsplassar, og som nytta lokalt råstoff. Forfattaren tek mellom anna fram kor viktige grunnleggjarane sine verdiar var for etablering og framvekst, som t.d. nøysemd, høg arbeidsmoral og fråhald frå alkohol. Forfattaren Jostein Hansen er oldebarn av grunnleggjaren, og vaks opp på Sandane, og flytta heim som pensjonist etter å ha arbeidd som førsteamanuensis i sosiologi på Høgskulen i Alta. Boka er rikt illustrert med bilder frå gamle Sandane, til glede for alle med interesse for lokalhistorie og samfunnsutvikling.


Elin Pehrson Grytting frå Sandane – folkesongar, musikar og musikkpedag – har skrive boka “Claus Frimann : diktarpresten frå Nordfjord”. Claus Frimann (1746-1829) var ein av våre fremste diktarar på 1700-talet, og vert ofte kalla Vestlandets Petter Dass. Han skreiv folkelege viser som har vore i bruk over heile landet, og nokre er framleis kjende, t.d. «Ondt ofte lider den fiskermand».  Claus Frimann vaks opp som presteson i Selje, studerte til prest i København, var med i «Det norske Selskap»- som dyrka ordet, diktinga, songen og samværet. Han var ti år i Volda, før han i 1781 vart prest i Davik, der han vart verande livet ut. Heime i Nordfjord blomstra han som diktar. Skildringane hans av folket og deira slit og gjeremål viser ein embetsmann med innsyn og kontakt med det verdslege og jordnære. Elin Grytting skriv fram ei fascinerande historie, og har med eit stort utval viser med tekst og notar.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk