Den finaste hytta er di! Der er varme ulltøfler, tova sitteunderlag og gode bøker på nynorsk.

Dagsturhytta ligg på Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane. Det tek om lag 20-25 minutt å gå til hytta frå skiltet ved E-39. Her kan du nyte utsikten, få i deg varmen, ete nista og lese ei god bok.

Trivselsskogen består av 6 km sti med ulike turruter. Her finn du Solplatået, Kjærleiksskogen der du kan henge opp hjarter eller risse i barken, Draumekvila med dagsturhytta, badedam, hundepark, Trygg i naturen, og utkikkspunkta Utsiken og Fosseteateret på Holvikfossen. I Trivselsskogen er det to svært flotte sherpastiar med trapper som står som små kunstverk.

For å stimulere til lesing og gjere kjent god barnelitteratur på nynorsk, er hyttene utstyrt med eit nynorsk turbibliotek med bøker til bruk på staden. Fylkesbiblioteket har kjøpt inn eit utval bøker på nynorsk, i hovudsak for barn. Gloppen folkebibliotek har tilsynet med turbiblioteket på Draumekvila i og har supplert med bøker om friluftsliv, natur, segner og eventyr, lokale kulturminne, turmat, dyreliv og nokre diktbøker.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk