
Bli lånar
- Møt opp på biblioteket for å registrere deg som lånar. Hugs å ta med gyldig legitimasjon
eller - registrer deg som lånar på nett og hent lånekortet på biblioteket.
Vite meir om kva det vil seie å vere lånar ved Gloppen folkebibliotek?
- Det er gratis å bli lånar ved Gloppen folkebibliotek.
- Barn under 15 år må ha foreldresamtykke for å få lånekort.
- Vi brukar Nasjonalt lånekort, som du også kan nytte i andre bibliotek du besøker i Noreg.
- Alle lånarar må registrerast med personopplysningar. Les korleis vi handterer personopplysningar.
- Loggar du inn via mobilen kan du få opp lånekortet på skjerm. Ta gjerne skjermbilde så har du lånekortet alltid lett tilgjengeleg på telefonen.
- På «Meg og mitt» kan du administrere eigne lån.
Finn det du vil låne
Kva kan biblioteket tilby?
- Vi har over 13.000 barnebøker, 16.000 vaksenbøker, 500 lydbøker, 1.300 DVD-ar og 40 aviser og magasin (tidsskrift).
- I tilleg har vi fleire digitale tenester.
Sjå meir om tilboda våre, inkludert digitale, på sida Les, lytt og sjå. Der finn du t.d. informasjon om- BookBites (app) for å låne og lese e-bøker
- Filmbib (app og nettside filmbib.no) som inneheld rundt 400 kort- og dokumentarfilmar
- Pressreader (app og nettside) for å lese aviser og tidsskrift frå mange ulike land og på mange ulike språk
Bestill frå andre bibliotek
Om du ikkje finn det du leitar etter, kan det meste bestillast inn frå andre bibliotek – spør oss! Du kan også bestille på eiga hand på Bibsok.no og få levert på næraste bibliotek.
Kva og kvar kan eg bestille?
- Bibsok.no – her kan du sjølv søke og bestille frå bibliotek i heile landet, og få levert på ditt eige bibliotek.
NB! Bestilling i bibsok.no krev at du har nasjonalt lånekort. Dette får du gratis på biblioteket. Hugs ID/personnummer. - Norsk lyd- og blindeskrift bibliotek (NLB) – Gratis utlån av lydbøker og punktbøker for barn, ungdom, studentar og vaksne som strevar med å lese trykt tekst.
- Det flerspråklige bibliotek – lån bøker, lydbøker, språkkurs og filmar på mange ulike språk.
Oversikt over eigne lån og bestillingar - logg inn på Mine sider
Logg inn på «Mine sider» for å sjå dine lån og bestillingar. På «Mine sider» kan du:
Treng du hjelp til innlogging?
- Logg inn med lånenummer og pinkode.
- Lånenummer står på lånekortet.
- Manglar du pinkode, kan du få tilsendt på e-postadressa som du oppgav då du registrerte deg som ny lånar.
Lånereglar
Lånetid
Vanleg lånetid er 4 veker.
Film 1 veke.
Lån kan fornyast inntil 2 gongar, om det ikkje er reservert av andre (venteliste). Logg inn på «Mine sider» og trykk på «Forleng».
Dersom du leverer for seint, må du betale gebyr (gjeld ikkje barn og unge under 16 år). Gebyret vert registrert automatisk på bibliotekkortet ditt. Etter 3 purringar må materiale som ikkje er levert tilbake erstattast etter gjeldande minstesatsar (gjeld kun lånarar over 18 år). Gebyr og erstatning som vert pålagde har som primært formål å sikre god sirkulasjon og tilgjenge til biblioteket si samling.
Utlånsreglar ved Gloppen folkebibliotek
- Alle som bur i landet har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå Gloppen folkebibliotek
- Lånar skal ha lånekort. Barn (under ungdomsskulealder) må ha underskrift frå føresette for å få lånekort. Lånar må melde frå ved adresseforandring.
- Vanleg lånetid er 4 veker. Biblioteket kan fastsetje særskilde lånevilkår for einskildbøker og særskilt materiale, og for einskildlånarar.
- Utlånt materiale, som ikkje er levert tilbake, vert purra etter forfall. Lånar må betale gebyr for purring.
- Utlånt materiale kan reserverast. Biblioteket kan og låne inn bøker frå andre bibliotek. Då gjeld eigarbiblioteket sine reglar.
- Lånar er ansvarleg for alt lånt materiale. Øydelagt eller bortkome materiale må erstattast, sjå minstesatsar (Gebyr og erstatning).
- Dersom lånar ikkje held dei fastsette reglane, kan lånaren miste retten til å låna for ei tid.
- Personalet har teieplikt om alt som gjeld den enkelte lånar og utlån.
Gebyr og erstatning
Purregebyr
- purring kr 0,-
- purring kr 30,-
- purring kr 50,- (i tillegg)
Gjeld kun vaksne lånarar (over 18 år).
Erstatning (minstesatsar):
Bøker og lydbøker for vaksne: kr 400-
Bøker og lydbøker for barn/unge: kr 200,-
Film: kr 125,-
Fakturagebyr kjem i tillegg.
Gjeld kun vaksne lånarar (over 18 år).
Personvern
Den 20. juli 2018 fekk vi ei ny personopplysingslov. Du og eg har fått nokre nye rettar, og alle norske verksemder har fått større ansvar i samband med registrering av personopplysingar.
Rettane dine
- Innsynsretten (som du finn i personvernforordninga artikkel 15) går ut på at du kan spørje ei verksemd om korleis ho behandlar opplysningane dine og be om å få sjå opplysningane sjølv.
- Dersom du oppdagar at biblioteket har feil opplysingar om deg, kan du krevje retting (jf. personvernforordningen artikkel 16).
- I enkelte tilfelle kan du krevje at personopplysingar om deg vert sletta (jf. personvernforordningen artikkel 17). Det er ein føresetnad at biblioteket ikkje lenger treng opplysingane for å oppfylle avtaler med deg.
- Retten til dataportabilitet (personvernforordningen artikkel 20) skal gjere det lettare å byte tenesteleverandørar ved at ein kan få med seg personopplysingane sine frå ein leverandør til ein annan.
Biblioteket har inntil ein månad på seg til å svare på krav i slike saker.
Personvernerklæring
Som verksemd har biblioteket plikt til å handsame personopplysingar på ein open måte. Det inneber at vi skal gi forståeleg informasjon om korleis vi handterer slike opplysingar.
For å oppfylle dette, har vi laga ei personvernerklæring:
Personvernerklæring for Gloppen folkebibliotek
Gloppen folkebibliotek er opptatt av å verne personopplysingane dine. Difor handsamar vi dei i samsvar med den gjeldande personopplysingslova. Denne personvernerklæringa skildrer kva for personopplysingar vi registrerer når du blir låner hjå oss, nyttar Meg & mitt og vitjar denne nettsida (seinare omtalt samla som tenestene våre).
Vi oppmodar deg til å lese grundig gjennom denne personvernerklæringa.
Biblioteket ved dagleg leiar Torill Berge er ansvarleg for handsaming av personopplysingar i samband med tenestene våre. Dersom du har spørsmål eller kommentarar til personvernerklæringa eller rettane dine etter personopplysingslova, kan du kontakte oss på [fyll inn biblioteket, kommunen eller personvernombodet si epostadresse]
Korleis vi nyttar personopplysingane dine
Med personopplysingar meiner vi opplysingar som kan knyttast til deg som enkeltperson.
Avhengig av kva som er det rettslege grunnlaget for handsaming av personopplysingane dine, vil dei bli lagra til du seier opp låneavtalen, eller trekker tilbake eit samtykke. Vi kan i dag ikkje sjå om lånekortet har vore nytta til innlogging i digitale tenester, og vi kan difor ikkje vurdere om ei låneavtale er «aktiv». Når det kjem på plass ein funksjonalitet som gjer at vi kan sjå dette, vil vi definere kor lang tid personopplysingane skal lagrast etter at ei låneavtale har vore i bruk.
Personopplysingar knytt til fakturaer og betaling vert lagra i 10 år, fordi dette er eit krav som følger av rekneskapslovgjevinga.
Vi deler ikkje personopplysingane dine med andre, med mindre dette vert sagt uttrykkeleg.
Opplysingar du gir oss
Biblioteket handsamar personopplysingar du sjølv gir oss. Det rettslege grunnlaget for slik handsaming er låneavtalen (GDPR artikkel 6 nr 1b – «behandlingen er nødvendig for å oppfylle en avtale som den registrerte er part i»).
For å låne bøker og andre medium, eller nytte mange av dei andre av tenestene våre, må du ha eit lånekort. Du får eit slikt kort når vi registrerer deg som lånar. Dersom du har nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan vi knyte det til biblioteket vårt. Du treng ikkje meir enn eitt nasjonalt lånekort. Dei same opplysingane vert handsama anten vi registrerer deg som ny lånar, eller vi knyter eit lånekort du allereie har til biblioteket vårt.
Når vi registrerer deg som lånar, vil vi samle inn og lagre opplysingane dine om fornamn, etternamn, kontaktinformasjon (adresse, epost og telefonnummer), fødselsdato og fødselsnummer/ID-nummer og heimebibliotek (det biblioteket du nyttar mest).
Vi treng namnet ditt og kontaktinformasjon for å administrere lån, og dermed oppfylle avtalen vi har med deg. Vi treng fødselsdatoen din fordi den bestemmer kva du kan låne av oss og kva for rettar du har. Vidare samlar vi inn fødselsnummer/ID-nummer for å kunne kople deg til nasjonalt lånerregister. Fødselsnummeret er naudsynt for eintydig identifikasjon av personar. Du kan reservere deg mot å oppgi heile fødselsnummeret ditt, men da kan vi berre gi deg eit lokalt lånekort, som gjeld kun i biblioteket vårt.
Nasjonalt lånarregister
Dette er ein nasjonal database med personopplysingar om bibliotekbrukarar. For at ein skal kunne bruke nasjonale lånekort, vert lånarane registrerte i ein felles database. I denne databasen vert det lagra opplysingar om:
- Lånarnummer
- Fødselsdato
- Kjønn
- Kryptert fødselsnummer
- Namn
- Inntil to postadresser
- Telefonnummer
- E-postadresse
- Føretrekt kontaktmetode: brev, e-post eller SMS
- Heimebibliotek: det biblioteket du bruker mest
- PIN-kode for sjølvbeteningsautomatar og biblioteka sine web-løysinger
- Opplysingar om kva for bibliotek lånaren er knytt til
Det vert ikkje lagra opplysingar om utlån, reserveringar eller andre tilhøve mellom lånaren og det enkelte biblioteket i denne basen. Ingen av opplysingane i Nasjonalt lånarregister er sensitive etter personopplysingslova.
I Nasjonalt lånarregister er det lagt vekt på å følge reglane for handsaming av personopplysingar:
- Adresseopplysingane dine vil ikkje bli selde eller gitt vidare til andre.
- All kommunikasjon mellom det enkelte biblioteket og det nasjonale lånarregisteret er kryptert og beskytta av brukernamn og passord.
• Opplysingane vil bli oppbevart til lånaren krev dei fjerna, eller eit av biblioteka lånaren er knytt til får melding om dødsfall. - Nasjonalbiblioteket er behandlingsansvarleg for opplysingane i nasjonalt lånarregister.
- Du kan sjå kva for opplysingar som er lagra om deg ved å logge deg inn på https://nb.bib.no/ med lånarnummer og pinkode/passord eller med bankID el.l..
- Du kan krevje opplysingane endra eller sletta i alle biblioteka der du nyttar kortet.
Lånehistorikk
Lånehistorikk vert rekna som ei sensitiv personopplysing i lovas forstand. Ei låneavtale er ikkje eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at biblioteket kan lagre slike opplysingar, og det krev difor samtykke frå deg for å vere lovleg. (GDPR artikkel 6 nr 1a) – «den registrerte har samtykket til behandling av sine personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål»)
Du kan gi samtykke – og trekke det tilbake – ved å gi melding om dette til det lokale biblioteket ditt. For ebøker kan du skru på og av lånehistorikk i innstillingane i eBokBib.
Standardinnstillingane i utlånssystema er at opplysingar om kva du låner, vert sletta når du leverer tilbake lånet. Unntak frå dette vert gjort når du ber om det («samtykke»). Eit samtykke kan når som helst trekkast tilbake. Når du trekker tilbake samtykket, vil heile historikken bli sletta.
Lagring av lånehistorikk inneber at systemet lagrar informasjon om låna dine. Informasjonen inkluderer informasjon om materialet som vert lånt, dato og klokkeslett for utlån og innlevering og kva for bibliotek/filial materialet vert lånt eller levert tilbake ved.
Informasjonskapslar/cookies
Biblioteksystemet nyttar både informasjonskapslar og lokalt lager i nett-tenestene og web-appen. Dette vert nytta for å tilpasse brukaropplevinga, mellom anna ved å gi høve til at nettlesaren kan hugse påloggingsinformasjon. Lokalt lager vert nytta der det er mogleg, og informasjonskapslar nyttast berre der det er behov for slik funksjonalitet. Dersom lånaren ikkje godtek bruk av informasjonskapslar, kan dette skruast av i nettlesaren, men då vil det vere vesentlege funksjonar i nett-tenestene som ikkje vil verke.
Lokalt lager lagrar informasjon i nettlesaren. Denne informasjonen er tilgjengeleg for programmet som utformar nettsida i brukaren sin nettlesar. Innhaldet i det lokale lageret vert ikkje lasta opp til nettstaden. Ein del av det lokale lageret (sesjonslageret) vert tømt når nettlesaren vert lukka. Den andre delen av det lokale lageret er permanent, og vert ikkje tømt.
eBokBib er tilgjengeleg som app for lånarane, og appen nyttar ikkje informasjonskapslar eller lokalt lager. eBokBib har nokre nett-tenester for søk og generell informasjon som nyttar både informasjonskapslar og lokalt lager.
Handtering av informasjonskapslar
På nettvett.no kan du lese om korleis du stiller inn nettlesaren for å godta eller avvise informasjonskapslar, og få tips til sikrare bruk av internett
Innsyn og sletting av personopplysingar
Du kan krevje innsyn i opplysingane vi lagrar om deg, og krevje at dei vert retta om du finn feil. Du kan også avslutte låneavtalen din med oss når du vil, og be om at vi sletter personopplysingane dine. Det er ein føresetnad at alle lån er leverte tilbake, og at eventuelle rekningar er gjort opp, slik at vi ikkje lenger treng opplysingane for å oppfylle avtalen.
Du kan logge inn på Meg & mitt for å få oversikt over det meste av opplysingane biblioteket har om deg. Om du vil ha utvida innsyn i personopplysingane dine, eller ønsker sletting av informasjon, kan du kontakte biblioteket ditt.
Det er mogleg å sende ein offisiell klage til Datatilsynet dersom du meiner at handsaminga av personopplysingane dine strid mot personopplysingslova.
Fann du ikkje svaret du leita etter?
Fann du ikkje svar på det du lurte på? Send oss ein e-post eller ring oss på 400 33 721 så hjelper vi deg!