Opningstid
Kontakt oss
Ring 400 33 721
eller send e-post

2020 – eit annleis år
No er statistikken klar for 2020, og vi kan oppsummere eit aktivt, men annleis bibliotekår: Koronastenging frå 12.mars og ulike grader av restriksjonar resten av året, meir aktivitet via eigen nettstad og sosiale media som Facebook og Instagram. Den digitale formidlinga auka, og vart meir variert, frå informasjon om bibliotekressursar, til live-streama arrangement både digitalt og med fysisk oppmøte.

Biblioteket på Byrkjelo stengt frå 1. januar
Som konsekvens av kommunestyrevedtak i budsjettsaka for Gloppen kommune i desember, vart biblioteket på Byrkjelo lagt ned 1. januar 2021. Alt som er lånt på Byrkjelo kan leverast i «postluka» fram til vinterferien.

Gloppen folkebibliotek 180 år
Frå bokskåp – til livlege bibliotekrom, strøymearrangement og halloween-sminka bibliotekar! Gloppen folkebibliotek har røter tilbake til 1840 – og ein vedtaksdato 9.november i kommunestyret. Då vart det bestemt at det skulle skipast 2 boksamlingar, ei for Gloppen og ei for Breim. Vedtaket skapte debatt den gongen- t.d. frå sokneprest Ludvig Daae: «- jeg veed at de (dvs bygdefolket) til de fleste av aarets tider ikke vilde læse bøgerne og ennu mindre sørge for deres ordentlige cirkulation og reenlige behandling».