Slik får du tilgang til tusenvis av aviser og blad på mange språk i PressReader:

Klikk på Logg inn (øvst til høgre, eller i menyen). Då kjem du til databasen til biblioteket (websøket). Det er viktig at du har nettversjonen.
Logg inn med lånenummer og pin-kode (4 siffer):


Deretter dukkar det opp eit nytt menyval —nedst til venstre:

Klikk på PressReader i menyen – då opnar denne seg i ei ny fane.  Snart får du fram denne skjermen:

Legg merke til den grøne tekoppen som kjem fram etter kvart, den betyr at du har tilgang:

No kan du velje blant tusenvis av aviser og tidsskrift, på mange ulike språk. Merk aktuelle aviser og blad som favoritt ved å klikke på hjertet, så finn du raskare fram til dei neste gong.

Last gjerne ned appen PressReader til telefon eller nettbrett.

Vi anbefaler å klikke på «Sign in» for å registrere deg i PressReader (create an account). Dette er gratis, og du kan registrere deg anten med Email, Facebook, Google eller Twitter.  Når du loggar på får du nemleg høve til å ta med deg tilgangen over til andre einingar, som til PressReader-appen på mobil eller nettbrett.  NB: Dette krev lik pålogging begge stader (til dømes pålogging med same e-postadresse og passord).

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk