Har du lyst til å vere med på ei fin lesestund – for unge og vaksne? Bli med på Shared Reading! Det er Marthe Mølstad som vil vere leseleiar. Det varer i om lag 1,5 time, og er gratis. Lett servering. Avgrensa tal plassar. Meld deg på, gjerne i god tid 🙂

Dagtid: 
Måndag 18. september kl. 11: Sande, i tømmerstova til Marthe
Måndag 2. oktober: kl. 11: Fargeriet, stove på museet
Måndag 16. oktober kl. 11: Heradshuset

Kveldstid, på biblioteket: 
Måndag 23. oktober kl. 18.30
Måndag 6. november kl. 18.30
Måndag 20. november kl. 18.30

Påmelding / spørsmål: 
I skranken på biblioteket, på telefon 40033721 eller på e-post, bibliotek@gloppen.kommune.no

Meir om Shared Reading:

I ei Shared Reading-gruppe les ein leseleiar høgt ein utvald tekst og eit dikt. Det vi les vil vere både frå eldre og heilt ny litteratur. Vi opnar opp for tankar og samtale rundt det vi les underveis. Du kan velje å vere med i samtala, eller berre lytte og vere tilstades. Ingen førebuingar krevs. Dette skal vere ein god stad å vere for alle som er med, og eit litterært pusterom.

Shared Reading starta tidleg på 2000-talet i Storbritannia, og er ein måte å lese, dele og vere saman i litteraturen på. Lesemåten har breidd om seg, og i Noreg har mange bibliotek etterkvart tilbod om slike grupper. No også Gloppen. Bli med!

Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket

 

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk