
Velkomen til skulebiblioteket!
Her låner du alle pensumbøkene ved Firda vidaregåande skule. Lånekort har du allereie i appen PocketID.
Meirope bibliotek
Om du skriv avtale, kan du bruke heile biblioteket alle dagar kl 07-23, heile året. Er du under 18 år, treng du også underskrift frå dine føresette. Du loggar inn ved å bruke appen Pocket-ID: Skann QR-koden for bibliotekkort og tast inn pinkoden (4 siste tala i elevnummeret ditt). Utlån kan du gjere sjølv på utlånsautomaten.
OBS! Studierommet vert no ein del av biblioteket, så for å vere der utanom ordinær opningstid, treng du ei slik kontrakt.
Bibliotekarane hjelper deg med:
Her finn du:
Tips til skulearbeidet:
Bibliotek på mobilen:
Logg på BookBites og FilmBib med nasjonalt lånekort. Ta med ID med fødselsnr til skranken, så ordnar vi eit slikt til deg, gratis
Skulebiblioteket er ditt, og det er gratis!
P.S.
Nokre av scenene i Lovleg vart spelt inn i her i biblioteket, det er vi veldig stolte av! Vi anbefaler både serien og bøkene som er skrivne av manusforfattar (og tidlegare Firda-elev) Kjersti Wøien Håland.