Bokomslag Pilegrim av Jens Henrik Jensen

Pilegrim

Forfattar:
Jens Henrik Jensen
Lån boka

Den danske krimforfattaren Jens Henrik Jensen er ute med boka “Pilegrim”, den 6. i serien OXEN.

Den tidlegare jegersoldaten og krigsveteranen Niels Oxen, hamnar på nytt inn i etterforskning av fleire kriminalsaker. Saman med makkeren sin Margrethe Franck, i Politiets Etterretningstjeneste, prøver, dei å finne svar på ei mordsak og korrupsjon i bankvesenet. Dei utfordrar med dette store, usynlege krefter.

Serien OXEN, som byrja med boka “Hengte hunder”, er drivande, actionfylt krim. Hovudperson, som har fått Danmark si høgste utmerking som soldat, er merka for livet etter krigstraumer. Han vil eigentleg leve eit enkelt, tilbaketrukke liv, men vert stadig trekt inn i ulike saker. Han vert sett på som ein helt og redningsmann, men av på grunn av informasjon han kjem over vert han av enkelte også sett på som ein trussel.

Serien bør lesast i rekkefølgje.

Omtalen er skriven av Torunn – Førde bibliotek

Kategorier: 
Boktips