Ferdaminne og funderingar
- Forfattar:
- Erling Indreeide
Denne boka ber undertittelen sin med rette: “Vegen til Geiranger – funderingar og ferdaminne.” Det er ei fasinerande reise der ein får gå med den vesle gutens blikk langs ein gamal veg i Geiranger, og den eldre forfattaren sitt filosofiske og reflekterande blikk på bygda, men også på vegar bort – og tida som går: ” Alle dine vegar har vore vegen hit, og når du køyrer vidare, er du på ein annan veg; då er du på vegen som er vegen bort herifrå”.
Forfattaren debuterte med diktsamlinga “Trakter” i 1972, og har kome med mange utgjevingar sidan, så det er ein røynd forfattar som her leikar seg med ulike former i denne boka: Her er dikt, korte fortejingar, meir essayistiske delar, men alt i ein heilskap. Lesnad til å bli klok av.
Boktipset er skrive av Torill på Gloppen folkebibliotek
- Kategorier:
- Boktips til nynorske bøker,
- Boktips til vaksne,
- E-bok