Omslag til boka Uønska åtferd

Uønska åtferd : roman

Forlaget skriv: “Kor går grensa for kva ein skal ofre for eit barn? Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt. «Uønska åtferd» viser fram kor krevjande det er for ein familie å ta vare på alle når ein har eit barn som treng alt. I kampen for sonen er Katrine i ferd med å miste alt, ekteskapet, forholdet til dottera, men også seg sjølv.”

Uønska åtferd er ein djupt gripande roman som skildrar utfordringar og påkjenningane ein familie opplever ved å ha eit barn med psykisk utviklingsheming.  Romanen  har ein sårheit og Olaug Nilssen skriv slik at vi som lesarar kjenner at vi kan forstå litt meir om korleis det er å leve med slike utfordringar. Dette er ei viktig bok.

Jorun Systad – Førde bibliotek

Kategorier: 
Boktips