Vil du ha SommarLes-diplom?
Kom innom biblioteka i september

1.september er det slutt for Sommarles 2020 – og tid for utdeling av diplom til den enkelte deltakar. Det vert ingen SommaLesfest i år, men alle som vil skal sjølvsagt få sin eigen diplom. På diplomet står akkurat kor mange sider dei har lese denne sommaren. Diploma kan hentast på biblioteka i Trivselshagen og på Byrkjelo i heile september.

Det har vore ein skikkeleg lesesommar og biblioteket i Trivselshagen har heile denne perioden hatt besøk av barn som har lese seg opp i level og vore klare for premie nr 1, 2 3, 4 eller 5.

Årets SommarLes-premiar har vore populære, i tillegg til dei tradisjonelle premiane som armband og bokmerker, har det i år også vore polerte steinar som ametyst og snefnuggobsidian, og ekte fossilar. SommarLes er ein nasjonal kampanje så mange deltakarar frå andre kommunar har også vore innom oss for å låne bøker og hente premiar.

Trass i litt annleis promotering av kampanjen i år har 234 barn frå heile Gloppen delteke. Dei har lese sjølv, blitt lest for eller høyrt lydbøker. Til saman 417 832 sider sidan startskotet gjekk i juni.

I september kan du og sjå den digital framsyning: Jack og bønnestengelen med lesegledar Camillla Ruhs på gloppenbibl.no og på facebooksida vår.

Vi ynskjer alle deltakande barn velkomne innom for å hente sin eigen personlige diplom. Vi set ein lang periode for henting, slik at besøka spreier seg, av smittevernomsyn.

Opningstider:
Trivselshagen: mandag 10-15, tysdag, onsdag og torsdag 10-18, fredag 10-15 og laurdag 11-14
Byrkjelo: torsdag 11.30-17.30

 

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk