Samtala vert strøyma direkte frå Litteraturhuset i Oslo til enkelte folkebibliotek rundt om i landet. Samtala kan i Gloppen opplevast saman med andre i kinosalen i Trivselshagen onsdag 30. september

Gul bok er tittelen på Zeshan Shakars etterlengta andrebok, som alt har fått eit ras av knallmeldingar. Her treff vi Mani, som har vakse opp i ei blokkleilighet på Haugenstua. Etter sjette jobbintervju trekk han endeleg det lengste strået og vert tilsett i Oppvekstdepartementet. Gul bok er ei finmaska framstilling av å føle seg fram i ei verd der ein ikkje kan reglane og der det vante verdisystemet er byttet ut: Tøyen er plutselig meir krevande enn Frogner.

Shakars debutbok Tante Ulrikkes vei vart svært godt motteke og vart mellom anna heidra med Tarjei Vesaas debutantpris. Den handla om dei to ungdommene Mo og Jamal og deira kronglete veg ut i eit ungt vaksenliv. Som i Shakars fyrste bok tematiserer også Gul bok ulike opplevingar av utanforskap og minoritetsstatus, denne gongen i eit kontorlandskap som vert hardt rysta av 22. juli-terroren.

På Litteraturhuset møter Shakar litteraturkritiker Bjørn Ivar Fyksen til samtale. Gloppen folkebibliotek er lokal arrangør. Det vert ikkje høve til å reservere plassar i kinosalen. Det vert tildelt plass ved døra.

Ved å halde fram bruken av nettstaden, tillet du bruk av informasjonskapslar (“cookies”). meir informasjon

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les personvernerklæringa vår.

Lukk