Godt resultat av tildelte midlar

Vestland fylkeskommune v/Birthe Finstad skriv:

Bli ny-operasjon gjorde folkebiblioteket opnare, lysare og veldig populært

Ved hjelp av 250 000 kroner frå Vestland fylkeskommune har Gloppen folkebibliotek skapt eit bibliotekrom som opnar for å ta i bruk biblioteket på nye måtar.

Med nye møblar, tekstilar, betre lys og betre utsikt har biblioteket i endå større grad blitt ein relevant og tilgjengeleg møteplass i lokalsamfunnet. Biblioteksjef Torill Berge fortel om gode tilbakemeldingar.

Ville ha betre plass til ulike grupper

– Vi har fått eit lokale som i større grad inviterer folk til å vere her. Før kom dei gjerne innom, lånte bøker og gjekk. No kjem dei inn, slår seg ned og tek ein kaffi. Tidlegare fungerte ikkje biblioteket heilt godt med omsyn til soneinndeling for ulike brukargrupper. Vi ville ominnreie for å få meirope bibliotek, få betre plass til barn, familiar og ungdomar. Og det var viktig for oss å få eit overordna blikk utanfrå, fortel Berge. Meirope bibliotek betyr at dei som har avtale om det, kan gå ut og inn av biblioteket som dei vil, også utanom bemanna opningstid.

Gloppen folkebiblioteket held til i Trivselshagen på Sandane og er også skulebibliotek for Firda vidaregåande skule. Berge fortel at det var rundt 2020 at dei tilsette på biblioteket byrja å sjå at lokalet trong oppgradering og gjerne også eit behov for å sjå på romløysinga på nytt.

Interiørarkitekt vart nøkkel til suksess

Dei bestemde seg for å søkje tilskot til utvikling av folkebiblioteklokale frå Vestland fylkeskommune og fekk full utteljing: 150 000 kr til utvikling og i tillegg 100 000 kr til interiørarkitekt. Og interiørarkitekt Mette Heimtun vart svært sentral i prosjektet, fortel kultursjef i Gloppen, Birte Fossheim.

Les vidare på artikkelen på nettsidene til Vestland fylkeskommune