Meirope bibliotek
På denne sida finn du svar på nokre spørsmål rundt meirope bibliotek. Dersom du lurer på noko, kan du alltid kontakte biblioteket på bibliotek@gloppen.kommune.no no eller på telefon 400 33 721.
Kva er meirope?
“Meirope bibliotek” betyr at du kan bruke biblioteket sine lokale både før og etter den ordinære opningstida, til og med på julaftan! Du får tilgang ved å skrive under på ei kontrakt med biblioteket og låser deg inn med bibliotekkortet ditt (lånekortet).
Tilgang og bruk
Skriv kontrakt med biblioteket og få tilgang alle dagar kl 7-23. Det er eiga kontrakt for elevar ved Firda vgs.
Du låser deg inn på biblioteket med bibliotekkortet ditt (lånekortet). Les av strekkoden i kortlesaren ved inngangen og tast pin-kode. Firda-elevar brukar PocketID-appen.
Tilbodet gjeld for registrerte lånarar som er 15 år eller eldre. Dersom du er under 18 år, må ein føresett skriva under på kontrakten. Born kan nytte tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen som har tilgang. Den vaksne har ansvar for dei borna hen tek med seg.
Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vere til glede og nytte for alle. Pass godt på det og hald ro og orden.
- Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre.
- Biblioteket kan stengje tilgangen for brukarar som bryt vilkåra. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er du økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt til politiet.
- Når du låser deg inn vil det bli registrert at du er der. Biblioteklokale er videoovervaka for at du skal føle deg trygg, og som vern av biblioteket sitt inventar og utstyr.
- Det kjem melding over høgtalarane når biblioteket er i ferd med å stengje. Ver vennleg å forlate biblioteket i god tid for å unngå at alarmen vert utløyst.
Nødutgangar: Dør ved enden av langbordet går ut i foajeen. Dør ved skranken/barneavdelinga fører til trapp ut av bygget mot sør.
PC: Biblioteket har ein Chromebook (bærbar PC) som er kobla til skrivar. På den kan du også kopiere og skanne (til eigen minnepinne). Ver merksam på kommunen si prisliste for utskrift og kopi.
Kaffiautomaten har også kakao, solbærtoddy og varmt vatn. Teposar finn du på bordet. Pris kr 22 per kopp.
Betaling: Vipps til Gloppen folkebibliotek #130292.
Bestilte bøker finn du i hylle ved enden av langbordet. Sjekk at nummeret stemmer med meldinga du fekk (årstal + nummer). Hugs å låne boka på automaten.
Slik bruker du utlånsautomaten
- Trykk på «Låne» på skjermen.
- Lånekortet legg du på bordet til høgre under skjermen med strekkoden opp (raudt lys på bordet). Firda vgs-elevar brukar appen Pocket-ID, les av QR-koden.
- Legg boka på leseplata midt på bordet. Ei bok om gangen.
- Kvittering kan du få på e-post eller papir.
- Trykk på «Mine lån» for å sjå lån og reserveringar. Les av lånekortet (eller tast nummeret på lånekortet) og tast pin-koden din (elevar ved Firda vgs nyttar Pocket-ID).
Innlevering
Sett bøkene i innleveringshylle ved utlånsautomaten, eller legg dei i bokkassa i gangen.
Digitalt lånekort
Slik finn du det på mobilen: Logg inn på «Mine sider» med e-postadressa di og pinkode, eller nummeret på lånekortet (står under strekkoden) og pinkode. Du finn lånekortet i menyen. Ta skjermbilde, og lagre det ein stad du finn det att på mobilen.
Eller: Logg inn og svar ja på at telefonen kan lagre passordet (merk at Autoutfyll av passord må vere slått på i Innstillinger, og at dette vil gjelde alle andre ting). Android: Klikk på menyteiknet (tre prikkar) og deretter Legg til på startsiden. iPhone: Klikk på eksportteiknet (firkant med pil opp) og Legg til på Hjem-skjermen
Meirope bibliotek ved Gloppen folkebibliotek vart høgtideleg opna 7. april 2022 og er eit samarbeid mellom Gloppen kommune og Firda vidaregåande skule