Skulebibliotek for Firda vgs
Her låner du alle pensumbøkene ved Firda vidaregåande skule. Lånekort har du allereie i appen PocketID. Kom og finn deg ein god plass å vere, og gjerne noko å lese. Du kan logge på bibliotekkontoen din og bestille lån eller fornye låna dine sjølv. Lånenummeret ditt ligg i PocketID-appen, og pinkoden din er 4 siste siffera i nummeret.
Bibliotekarane hjelper deg med:
- lesetips
- relevante nettstader
- bøker til skulearbeidet
Meirope bibliotek
Om du skriv avtale, kan du bruke heile biblioteket alle dagar kl 07-23, heile året. Er du under 18 år, treng du også underskrift frå dine føresette.
Du kjem deg inn slik: Til høgre for inngangsdøra finn du innloggingspanelet (grå boks). Finn fram PocketID-appen og QR-koden til lånekortet ditt, og skann QR-koden (i underkant av den grå boksen, på høgre sida). Tast inn pinkoden. På same måte kan du bruke utlånsautomaten.
Her finn du:
- massevis av bøker
- to grupperom
- ulike arbeid- og sitteplassar
Tips til skulearbeidet:
- Kildekompasset
- Særemne i norsk (Sølvberget)
Bibliotek på mobilen:
- Søk, forny, bestill frå biblioteket
- BookBites: E-bøker og lydbøker. Last ned appen (iOS / Android). Logg på med Feide
- Film Sjå strøymefilm på Filmoteket eller i Filmbib. DVD kan du låne frå eige bibliotek eller bestille frå andre
- PressReader: Logg på nettsida til biblioteket og få tilgang til gratis aviser og blad på mange språk. Last ned appen (iOS / Android) eller bruk nettsida pressreader.com
Logg på dei digitale tenestene våre med bibliotekkortet (nasjonalt lånekort). Ta med ID med fødselsnr til skranken, så ordnar vi eit slikt til deg.