Digitale tenester
Gloppen folkebibliotek tilbyr mange digitale tilbod til deg som er lånar; e-bøker, e-lydbøker, film, aviser og tidsskrift. Ta kontakt om du treng hjelp!

Filmoteket
Lånarar som er tilknytt Gloppen folkebibliotek kan no enkelt låne film på filmoteket.no. Du kan låne 10 filmar kvar månad. Du har tilgang på dei lånte filmane i 48 timar.
Stikk innom på biblioteket om du manglar lånekort.

BookBites
BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.
For å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.
Stikk innom på biblioteket om du manglar lånekort.

Pressreader
Pressreader gir deg tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift på mange ulike språk. Du må innom biblioteket kvar 3. dag for å oppdatere tilgangen.
Av norske aviser finn du til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen og Bergens Tidende.

Filmbib
På Filmbib kan du sjå kortfilmar og dokumentarfilmar av både ny og eldre dato. Det er filmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier.
Du loggar deg inn med bibliotekkortet og PIN-kode.

Nettbiblioteket
I nettbiblioteket finn du materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert og tilgjengeleggjort, m.a. mengder av bøker, tidsskrift, aviser og bilete.
Noko av materialet er berre tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Lesedigg.no
No er det ekstra hjelp å hente for barn som er på jakt etter ei god bok!
Er ikkje bibliotekaren der for å rettleie? Slepp barna laus på lesedigg.no så kan dei leike og leite etter bøker digitalt.
Prøv til dømes funksjonen “Finn ei bok for meg”.

Tibi
Tibi – Biblioteket for tilrettelagt litteratur
Tibi (tidligare NLB) er biblioteket for deg som har vanskar med å lese vanlege bøker (visuell tekst) på grunn av funksjonsnedsetting eller sjukdom. Tibi lagar og låner ut lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift.

Verdensbiblioteket
Verdensbiblioteket er ei digital teneste der du finn e-bøker og lydbøker på andre språk enn norsk.
Du kan sjølv opprette ein brukarkonto med ei e-postadresse. Verdensbiblioteket er gratis å bruka og ope for alle i Noreg, så lenge du besøker sida frå ei norsk IP-adresse.

Det flerspråklige bibliotek
Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit ressursbibliotek for andre bibliotek. Som privatperson har du tilgang til samlingane deira via ditt lokale bibliotek. Vi kan bestille bestemte titler til deg eller bokpakker på språk du er interessert i. Om du har eit nasjonalt lånekort kan du bestille materiale hos DFB og få det sendt hit. Spør oss om du treng hjelp.

NesteBok
Har du lese ei bok du likte, og er på leit etter ei bok som gir den same kjensla? Nestebok.no gir deg tips!
På nestebok.no kan du søke opp bøker, og sjå kva bøker andre meinar liknar på desse. Under kvar bok kan du sjå kva faktorar ved boka – for eksempel type karakterar, form for språk og bakteppet for historia – som har blitt framheva som viktig i denne boka. Andre bøker som framhevar dei samme faktorane, vil kome opp som forslag.
Kanskje du finn di nye favorittbok her?