Lånereglar for Gloppen folkebibliotek

Lånerett

Alle som bur i landet har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket. Dersom lånar ikkje held dei fastsette reglane, kan lånaren miste retten til å låna for ei tid.

Lånekort

Lånar skal ha lånekort. Barn (under ungdomsskulealder) må ha underskrift frå føresette for å få lånekort. Lånar må melde frå ved adresseforandring.

Lånetid

Vanleg lånetid er 4 veker. Biblioteket kan fastsetje særskilde lånevilkår for einskildbøker og særskilt materiale, og for einskildlånarar.

Bøker og anna trykt materiale: 4 veker
Filmar: 1 veke
Fjernlån: Eigarbiblioteket sine fristar

Ansvar

  • Lånar er ansvarleg for alt lånt materiale. Øydelagt eller bortkome materiale må erstattast.
  • Lånaren er ansvarleg for materiale lånt på eige lånekort. Føresette er ansvarleg for barn sine lån. Lånaren kan logge inn og finne oversikt over lånt materiale på biblioteket si nettside/app.
  • Utlånt materiale, som ikkje er levert tilbake, vert purra etter forfall. Lånar må betale gebyr for purring.

Gebyr og erstatning

Purregebyr

  1. purring kr 0,-
  2. purring kr 30,-
  3. purring kr 50,- (i tillegg)

Gjeld kun vaksne lånarar (over 18 år).

Erstatning (minstesatsar)

  • Bøker og lydbøker for vaksne: kr 450-
  • Bøker og lydbøker for barn/unge: kr 250,-
  • Film: kr 125,-
  • Fakturagebyr kjem i tillegg.

Gjeld kun vaksne lånarar (over 18 år).