Slik låner du
Alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket. Om du ønskjer å låne frå biblioteket vårt må du ha eit gyldig lånekort (bibliotekkortet). Lånekort er gratis, men tapte kort må erstattast. Ta alltid med lånekortet når du skal på biblioteket.
Bli lånar
- Møt opp på biblioteket for å registrere deg som lånar. Hugs å ta med gyldig legitimasjon.
- Eller registrer deg som lånar på nett og hent lånekortet på biblioteket.
Kva vil det seie å vere lånar ved Gloppen folkebibliotek?
- For å få full tilgang til alle tenestene våre, må du ha Gloppen folkebibliotek som “heimebibliotek”.
- Det er gratis å bli lånar.
- Barn under 15 år må ha foreldresamtykke for å få lånekort.
- Vi brukar Bibliotekkortet (nasjonalt lånekort) som du også kan nytte i andre bibliotek du besøker i Noreg.
- Alle lånarar må registrerast med personopplysningar. Les korleis vi handterer personopplysningar.
- På «Mine sider» kan du administrere eigne lån.
Lån
Lån i skranken eller lån sjølv på utlånsautomaten i biblioteket.
Mine sider
Logg inn på «Mine sider» for å få oversikt over eigne lån og bestillingar. Her kan du:
- forlenge lånetida
- ved å vere innlogga kan du sjølv reservere bøker som er utlånt (setje deg på venteliste)
Lånereglar
Lånetid
Vanleg lånetid er 4 veker.
Film 1 veke.
Lån kan fornyast to gongar, om det ikkje er reservert av andre (venteliste). Logg inn på «Mine sider» og trykk på «Forleng».
Dersom du leverer for seint, må du betale gebyr (gjeld ikkje barn og unge under 16 år). Gebyret vert registrert automatisk på bibliotekkortet ditt. Etter 3 purringar må materiale som ikkje er levert tilbake erstattast etter gjeldande minstesatsar (gjeld kun lånarar over 18 år). Gebyr og erstatning som vert pålagde har som primært formål å sikre god sirkulasjon og tilgjenge til biblioteket si samling.
Les dei fullstendige lånereglane våre.
Lån frå andre bibliotek (fjernlån)
Om du ikkje finn det du leitar etter, kan det meste bestillast inn frå andre bibliotek – spør oss! Du kan også bestille på eiga hand på Bibsok.no og få levert på næraste bibliotek.
Biblioteka i Vestland har laga ei felles tenesteerklæring for fjernlån, etter at det vart nasjonale innstrammingar på dette for ei tid tilbake.
Kva er fjernlån?
- Fjernlån er lån mellom bibliotek. Dersom du ikkje finn det du leitar etter på biblioteket, kan det bestillast frå andre bibliotek.
- Fjernlån er gratis for lånaren.
- Du kan bestille fjernlån sjølv på bibsok.no, eller du kan be biblioteket om å bestille for deg.
Kven kan få fjernlån?
- Alle som har lånekort ved biblioteket, kan bestille fjernlån.
- For å bestille sjølv på bibsok.no må du ha nasjonalt lånekort / Bibliotekkortet (bibliotekkortet.no).
Kva kan du bestille?
- Nesten alt som finst i norske bibliotek kan lånast inn, med unntak av nokre digitale ressursar som berre er tilgjengelege for studentar via universitet og høgskular.
- Nye, populære bøker og bøker som finst i biblioteket si eiga samling kan du vanlegvis ikkje låne inn frå andre bibliotek. Du vil bli sett på venteliste i ditt eige bibliotek.
- Biblioteket kan bestille inn fleire eksemplar av same tittel til lesesirklar. Ver ute i god tid, og ikkje sikt på nye, populære bøker.
Pensumlitteratur
Universitet og høgskular forventar at studentane kjøper inn sentralt pensum sjølve, og du kan ikkje vente at biblioteket låner inn materiale frå pensumlister til deg.
Av og til treng du berre eit kapittel eller to, eller du treng støttelitteratur som supplement eller fordjuping. Til slike føremål har nokre studiestader eksemplar til utlån. Dette kan du låne inn via bibsok.no, og velje ditt lokale folkebibliotek som hentestad. Ver merksam på at du vert ståande på den same ventelista som dei studentane som reserverer materialet i campusbiblioteka sine samlingar.
Vi oppmodar deg om å gjere deg kjent med om noko av materialet er tilgjengeleg digitalt gjennom open access eller gjennom studentpålogging, slik at vi ikkje sender materiale fysisk dersom det ikkje er naudsynt. Det er raskare for deg, og betre bruk av ressursane for biblioteka.
Elevar, lærarar og privatistar ved vidaregåande skular kan kontakte skulen sitt bibliotek om pensumlitteratur eller bestille sjølv dersom materialet er tilgjengeleg for fjernlån i bibsok.no.
Kor lenge kan du halde på fjernlånt materiale?
Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og andre vilkår for fjernlånt materiale.