Nynorsk turbibliotek
Ta deg ein tur til Draumekvila i Trivselsskogen (facebook.com). Der finn du ei av dei flotte dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. På hytta finn du eit utval nyare nynorske barnebøker til bruk.
Det er ein fin tur frå E39 gjennom Kjærleiksskogen oppover til utsiktspunktet på Draumekvila. Uansett vèr, er det fint med ein tur innom hytta, og ekstra fint med eit fang å sitje på og einkvan som les – til dømes i boka til Erna Osland: «Under ein stein – ei bok om små dyr.»