Kva er Filmbib?
Filmbib.no er ei strøymeteneste som er gratis for brukarane. Filmbib har ei unik samling av norske kort- og dokumentarfilmar for barn og vaksne. Her finn du animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar, humoristiske historier, engasjerande og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir, som det står på sida deira.
Korleis kjem eg inn?
Dersom du har bibliotekkortet, eller eit eldre nasjonalt lånekort, kan du logge deg inn med lånekortnummer og pinkode på filmbib.no. Om du ikkje har nasjonalt lånekort kan du få det på det lokale biblioteket ditt, eller registrere deg digitalt på bibliotekkortet.no.
Det finst appar for Filmbib både for IOS og Android.
Kva for filmar?
Alle filmane er kjøpt inn gjennom den nasjonale innkjøpsordninga for film ved Norsk filminstitutt. Du kan sjå kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men også fleire filmar som går attende i tid. Det vert stadig lagt til nye filmar.
Akkurat no kan du til dømes sjå dokumentarfilmen Bergen – i all beskjedenhet frå 2020.
Vilkår
Retten til å nytte filmane gjeld privat bruk og bruk i undervising. All annan bruk må avklarast for kvar enkelt film. Vising, kopiering, nedlasting, redigering eller spreiing av materiell utan eksplisitt tillating frå rettshavar er ikkje tillete.
FAQ gir svar på tekniske spørsmål. For direkte support kan du kontakte filmbib@dvnor.no
Framheva bilde av Felix Mooneeram, henta frå Unsplash.
Denne artikkelen er henta frå Bibliotekutvikling Vestland