Snart klart for Sommarles.no!
Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no (https://sommerles.no/snart). Frå 1. juni kan alle 1. – 7.klassingar i Gloppen vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 172 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang ferie.
I år har vi nokre nye premiar som fine panneband og buttons. Sjølvsagt har vi også framleis armband og polerte steinar som har vore dei mest populære premiane tidlegare.
Sommarles.no gjer det gøy å lese!
– Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
– Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
– Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
– I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
– Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.
