Dordi Boksasp Lerum: Kvifor eg er norsketarianar, og kvifor du også bør ete norsk mat

Biblioteket får besøk av Dordi Boksasp Lerum, kjend som «norsketarianar». Ho er også odelsjente, lærarstudent, føredragshaldar og fylkestingsrepresentant. Gjennom eit heilt år har ho levd som norsketarianar, for å støtte den norske bonden og auke sjølforsyninga i Noreg. Det betyr t.d. ikkje sukker, ikkje kaffi og ikkje pepar. Noreg importerar omlag halvparten av maten vår frå utlandet. Korleis er det eigentleg å vere «norsketarianar? Ho ynskjer å inspirere folk til å ete meir norsk mat.

Billett kr 150 finn du her

Arrangørar: Matamål, Gloppen Bygdekvinnelag, Gloppen Bondelag, Gloppen folkebibliotek