I samarbeid med Helsestasjonen deler vi ut bøker til dei yngste barna i kommunen vår. Vi ynskjer å vere med å oppmuntre til å lese saman med barna frå dei er heilt små. Les gjerne meir om prosjektet Bokstart
Når barna kjem til kontroll på Helsestasjonen ved 6 månadar får dei boka Revungen. Samtidig får føresette heftet Bokstart – språk frå første stund. Dette hefte er tilgjengeleg på ulike språk.

Når barna er omlag 18 månadar får dei boka Bø og Bæ i skogen.

Her er ei lenkje til andre bøker som passer for dei yngste barna: Cicero Surf.
Bøkene er plassert på «tunnelen» i barneavdelinga.