Velkomen til diktkveld onsdag 15.oktober kl 19 – med Sigmund Løvåsen. Han har m.a skrive diktsamlinga «Med øksene dei haustar inn». Kulturlandskap, jord- og skogbruk er ramma for tekstane i denne boka, der det handlar om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Vi vert plassert tett på naturen, dyra, fuglane og årstidene. Gjennom daglegliv, mytestoff og historie stiller boka grunnleggande spørsmål omkring vår plass i landskapet og blant dei andre artane.
Sigmund Løvåsen er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo kommune. Ved sida av å vere forfattar er han leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving var barneboka Snøballkrigen.
Gratis inngang.